Han er klar på at no må noko gjerast i svingen.

– Vi har fleire gongar teke opp at heile strekninga frå avkøyringa til Faleide og heilt opp til Langeset er krevjande heile året, både for bilar, tungtransport og mjuke trafikantar. Det er trist at det må gå liv før ein vurderar å gjere noko, seier han til NRK. Vegvesenet undersøkjer no kva tiltak som kan gjerast på strekninga.