Ny kontrakt vil gjelde frå 2020 til 2034. Ifølgje ei pressemelding frå fylkeskommunen skal dei ruste opp kaianlegga knytt til Eidsdal-Linge slik at dei kan bli trafikkert av større ferjer. Kaianlegga er i dag små og har avgrensa levetid. Nye kaianlegg skal vere klar til å ta i mot større ferjer frå og med 2024.

Det skal verte betre tilbod på Eidsdal-Linge. Der skal kapasiteten i ferjetilbodet verte styrka i sommarsesongen.

– Det er krav om at det skal bli sett inn heilt nye og større ferjer på sambanda Eidsdal-Linge og Stranda-Liabygda, frå og med 2024. Frå dette tidspunktet er kaiene i sambandet Eidsdal-Linge bygd om til å kunne ta imot større ferjer, heiter det i meldinga frå fylkeskommunen.

Møre og Romsdal fylkeskommune har ein svært pressa økonomi i åra framover.

– Det er derfor svært viktig at det er god konkurranse om kontraktane framover dersom fylkeskommunen skal kunne realisere gode løysingar innan ferjedrifta, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.