Og det gjeld sentrale leiarar som sportssjef André Nevstad og dagleg leiar Oddmund Otterlei, samt medieansvarleg André Aurvåg Gardshol. Frå og med 6. august skal alle tre berre jobbe 50 prosent for Hødd.

– Kor lenge gjeld permitteringa, Oddmund Otterlei?

- Det veit vi ikkje førebels. Vi håper sjølvsagt at den ikkje vil vare lenge, men i verste fall må vi permitterast ut året, seier Hødd sin daglege leiar.

Som har vore under eit år i jobben, og som framleis bur i Brattvåg.

– Slik er fotballen

– Dette venta du deg ikkje då du takka ja til jobben i Hødd?

– Nei, det kan du seie. Men slik er fotballen, ting skjer raskt. Både positive ting og det som ikkje er like hyggeleg.

– Kva har skjedd?

- Vi la fram eit offensivt budsjett for 2018, og det viser seg diverre at det kanskje var FOR offensivt. Det er eigentleg mange små ting som har ført til at vi slo alarm no, og målet er at desse tiltaka kan føre til at vi kan gå nokonlunde i balanse ved årets slutt.

Med vilje har Hødd valgd å skjerme Sport frå kutta.

– Det har vi gjort, ja. Klubben ynskjer sterkt å returnere til 1. divisjon, det er der vi høyrer heime. Og då må vi sørge for at dei aktive og trenarapparatet får dei moglegheitene som må til for å gjere jobben i haust.

Ikkje dyre spelarkjøp

– Har spelarkjøpa vore for dyre?

– Nei. Alle spelarane vi har henta inn var innafor dei ramene vi har sett, så vi har godt samvit der.

Otterlei legg til at sposorinntektene også omlag er som budsjettert, medan publikumsframmøtet kunne ha vore bedre. Hødd har drøye tusen tilskodarar i snitt, og hadde håpa på meir. Særleg når A-laget berre er poenget bak leiarlaget Skeid i 2. divisjon.

– Har mønsterbruket Hødd fått ei ripe i lakken no?

- Ikkje slik eg ser det. Vi har kontroll, og vi er framleis i grøn sone i NFF, med god margin. Men når vi ser at økonomien utviklar seg feil veg, så må vi ta grep. Og i god Hødd-and bidreg no adminstrasjonen til at dette skal rette seg. No skal vi rette opp kursen litt, det er ikkje meir dramatisk enn som så, meiner Otterlei.