Sjokkmelding frå Hødd Fotball midt i ferietida

Må permittere tilsette

Sportsleg har Hødd levert ein god vårsesong, men økonomisk går det adskillig verre. No må tre tilsette ut i 50 prosents permittering.

Den gong, då . . . : Datoen er 15. august i fjor, og Oddmund Otterlei (t.v.) vert helsa velkomen som ny dagleg leiar i Hødd av fotball-leiar Håvard Haanes. Som for lengst valde å trekke seg frå leiarvervet, medan Otterlei no er 50 prosent permittert. Men Otterlei held fast på at dette ikkje er teikn på noko krise i Hødd, snarare ei nødvendeg korrigering.  Foto: einar orten trovåg

Nyheter

Og det gjeld sentrale leiarar som sportssjef André Nevstad og dagleg leiar Oddmund Otterlei, samt medieansvarleg André Aurvåg Gardshol. Frå og med 6. august skal alle tre berre jobbe 50 prosent for Hødd.