Barna har teke styringa – sonen tek roret i Rem Offshore:

Åge Remøy har overført formuen til barna

Fredrik Remøy vert direktør i det «nye» Rem-reiarlaget. No har han og dei tre andre barna til Åge Remøy også teke over familieselskapet.

Leiar familieselskapet: Her er Maria Remøy Aurvåg gudmor under ein skipsdåp i Fosnavåg i 2014. I vår tok ho over som dagleg leiar i eigarselskapet til faren Åge Remøy, der ho og dei tre andre søskena no også eig kring ein firedel kvar. Arkivfoto: Per Ove Stige  Foto: Per Ove Stige

Nyheter

Herøy-reiar Åge Remøy har gitt roret i reiarlaget til sonen og teke fleire grep i eigarskapen i forretningsverksemda. Resultatet er at dei fire barna no har kontroll over familieselskapet Barentz AS.