Denne saka vart først publisert av Vestlandsnytt 12. juli 2018.

– Dei som druknar roper ikkje på hjelp. Dei prøver å få i seg luft, og det går ikkje an å snakke og puste på ein gong.

Det seier operativ leiar Damian Pora i Norges Livredningsselskap til Vestlandsnytt som først publiserte denne saka.

– Dei som druknar bruker all energien dei har på å prøve å halde seg på overflata. Det kan sjå ut som dei prøver å klatre opp ein stige, men dei får ikkje grep. Og dei plaskar ikkje. Drukning skjer veldig stille, seier han.

LES OGSÅ: «Mamma, mamma! Nokon har drukna …»

Sekundær drukning

Dersom ein får vatn i lungene, har ein per definisjon drukna. Ein treng ikkje eingong å merke at situasjonen er særskilt alvorleg, før det kan vere for seint.

– Viss ein får luftvegane under vatn, og inhalerer, kan ein få vatn inn i lungene. Det kan til dømes skje viss ein prøver å hoste. Nokre sekund under vatn er nok, seier Pora.

Like etterpå kan alt verke fint, men etter ei stund, vil kroppen reagere som om han har fått ein infeksjon.

– Det kan oppstå symptom som feber, kvalme, slappheit og hovudpine, seier Pora.

Dersom barnet ditt får slike symptom etter å ha vore i vatn, må ein oppsøkje lege raskt. Gjer du ikkje det, kan du risikere å finne barnet ditt livlaust i senga om morgonen.

– Sekundær drukning skjer ofte på natta, når ein er slapp og søv, seier livreddaren.

Salt- og klorvatn er verst

– Dersom ein får saltvatn i lungene, vil kroppen sjølv produsere meir vatn for å kvitte seg med saltet. Difor er det ikkje sikkert at symptoma kjem med ein gong. Det kan kanskje skje etter 12 timar, seier Pora.

Det same gjeld klorvatn.

– Kroppen vil kvitte seg med alt som er unaturleg.

Det vil ikkje seie at ferskvatn ikkje kan føre til sekundær drukning.

– Men då er ofte ikkje symptoma like sterke. Det avheng av kor mykje vatn ein har inhalert, kor lenge ein har vore under vatn, og kor mykje ein sjølv toler. Alle som held på å drukne skal uansett kontakte lege, og dei som har vore utsett for drukning skal bli overvaka i to-tre dagar, avsluttar Pora.