(Møre-Nytt): Tysdag skreiv Møre-Nytt at tørken har ført til kraftig reduserte avlingar på Rise i Bondalen. Heilt ned i femti prosent av eit normalår vart resultatet av førsteslåtten, og truleg også andreslåtten.

Djupare morenejord

Andre plassar i kommunen er ikkje situasjonen fullt så drastisk. På Vartdal kan Geir Hole fortelje at han reknar med å få berre 10–15 prosent redusert slått i høve normalen.

– Har du opplevd 10–15 prosent mindre avling før?

– Ja, det har eg. Det har også vore lågare. Men då vart det i staden veldig mykje på andreslåtten.

– Korleis har det vorte med gjødsling?

Håper på tre slåttar

Hole slår kring 200 dekar. Den første slåtten starta 8. juni, og i midten av juni kom det så mykje regn at han måtte stogge nokre dagar.

– Korleis har det vorte med gjødsling?

– No kom regnet i helga, og eg trur gjødsla har regna ned i jorda. Det vert nok ein grei andreslått, seier Hole, som normalt startar på andreslåtten i byrjinga av august. Kanskje vert det endåtil ein tredjeslått.

– Kva vêr håper du på framover?

– Det kan godt kome meir regn no, og finvêr første dagane i august. Det skal noko til at det no vert så mykje vatn i marka at ein får problem med andreslåtten. I fjor var det motsett. Det var eit frykteleg vêr då vi slo i juni, og det same på andreslåtten. Så det vart veldig oppkøyrt.

Overskot

– Har du nok fôr no då?

– Ja, eg trur det held. Eg brukar ha så mykje at eg er sikker. Det vert overskot kvart år, så vanlegvis har eg til overs hundre rundballar, seier Hole.