Oppdatert: Vegen er rydda og tunnelen er open.

– Front mot front-kollisjon, til saman fem personar skal vere involvert. Alle har kome seg ut, melder Vest politidistrikt.

Meldinga om ulukka med to bilar involvert kom klokka 13.12 fredag ettermiddag.

Storutrykning

Fire ambulansar og luftambulanse rykka ut til ulukka. Det vart også sendt politipatruljer frå Stryn og Lom.

– Vi har dessverre ikkje meir opplysningar om hendinga fordi verken brann, helse eller politi har kome til staden enda, sa operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til Sunnmørsposten klokka 14.00.

Klokka 14.15 melder Vest politidistrikt at nødetatane er på staden. Ein person blir undersøkt av helsevesen, medan brannvesen dirigerer trafikken. Bilbergar er på veg.

Manuell dirigering

– Den eine løpet av vegen har blitt opna, fortel Rednord til Sunnmørsposten kl. 14.21.

AMK Førde melder klokka 14.27 at luftambulansen blei kansellert ved ankomst då det ikkje var behov. To personar blir transportert til Stryn legekontor i ambulanse.

Tre personar er tilsett av lege på staden. Alle er uskadde, og helsevesenet avsluttar no sin innsats på staden.

Vegen er no rydda, og tunnelen er open. Politiet opprettar sak.