Etter fleire alvorlege ulukker i sommar, set Vegvesenet opp nye skilt ved Blekesvingen på riksveg 15 i Stryn. Over helga kjem det skilt som varslar farleg sving, og med 40 km/t som anbefalt fartsgrense. Men det kanskje ikkje nok. Olav Stølen fortel at han har køyrt her dagleg i mange år. I fleire år har han irritert seg over konteinarar som han påstår sperrar sikta.

– Det er snart på tide at konteinarane som står inne i svingen blir fjerna. Desse blokkerer sikta for å få overblikk. Dei blir også ofte rokert på gjennom ei veke, slik at enkelte dagar kan det vere svært avgrensa sikt, seier Stølen til Sunnmørsposten.

Midt i svingen er det også ei avkøyring til fylkesveg 698 til Blakset. Når Stølen kjem austfrå og skal svinge av, opplever han svingen som svært problematisk.

– Bilane som kjem imot kan greie å halde ei fart på både 60 og 70 kilometer i timen. På grunn av desse konteinarane, ser eg ikkje bilen før eg kanskje må bråbremse eller halde fram rundt svingen, seier han.

Fleire problem med svingen

Ei kvinne døde nyleg i ei motorsykkelulukke i svingen. Ho vart kan hende blenda av lav sol. Men det har i alle fall vore fleire nestenulukker på grunn av manglande sikt, påstår Stølen. – Ved å fjerne det som blokkerer for å få oversikt, så fjernar ein òg mange av dei ulykkene som vil komme til å skje i framtida inntil vegen blir endra, seier han.

Skilta som varslar farleg sving, med 40 km/t som anbefalt grense, kjem truleg opp måndag. Etter ferien vil Vegvesenet vurdere fleire tiltak i den lange 180-graderssvingen. Dei er klar over at dette er ein lagerplass for konteinarar. – Dette er eitt av problema som vi har med i vurderinga, i tillegg til skoging, oppmerking, endring av kurvatur og å fjerne bergskjeringar, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Sunnmørsposten har vore i kontakt med Olav Tenden, som stadfester at det er dei som eig konteinarane. Ut over dette ønskjer han ikkje å kommentere.