– Eg er glad for vedtaket, men no gjeld det å handle raskt slik at ein får løyst situasjonen, fortel ordførar Harry Valderhaug i Giske kommune. Han meiner det er viktig slik at både Norkring og grunneigar får ro.

Bakgrunnen for dette vedtaket er ei melding Valderhaug sende til Riksantikvaren i håp om mellombels verning. Før vedtaket var klart skulle sendebygget i utgangspunktet rivast. No håpar Valderhaug at fleire aktørar kjem på bana.

Sunnmørsposten har tidlegare skrive at Ålesund kommune har vist interesse for å hjelpe til med å verne om bygget. Også Fylkeskommunen og Sunnmøre museum er forslag Valderhaug tidlegare har nemnt.

Frir til fiskeribransjen

Valderhaug meiner det er ei ære for Giske, som fiskerikommune, å kunne ta vare på bygget. No håpar han at også private aktørar innanfor fiskerinæringa skal komme på bana.

– Det er mykje fiskerihistorie i Vigra kringkastar, ikkje berre for kommunen, men for heile kysten. Derfor håpar eg at også aktørar innanfor fiskeri vil hjelpe oss med å ta vare på den, seier han.