I månadsskiftet februar/mars i 2015 var det brann i hallen to gonger, men den har sidan vore i bruk til lagring og sortering av avfall. I brevveksling mellom Arbeidstilsynet og Miljøkvalitet kjem det fram at Arbeidstilsynet gjennomførte eit tilsyn hos bedrifta hausten 2017, der dei blei opplyst om at det har vore brann i bygget tidlegare.

– Då Arbeidstilsynet no har teke imot ein bekymringsmelding om sikkerheita i tilknyting til denne hallen, mellom anna med lause takplater, vil vi no be om ei skriftleg utgreiing om sikkerheita i samband med arbeid i det aktuelle bygget, skreiv Arbeidstilsynet til Miljøkvalitet i slutten av oktober i fjor.

Byggteknisk vurdering

Arbeidstilsynet kravde då å få tilsendt ei byggteknisk vurdering av hallen, utført av fagfolk.

Tidleg i desember purra Arbeidstilsynet på vurderinga. Grunna sjukdom, og etter samtale med sakshandsamar i Arbeidstilsynet, sende Miljøkvalitet over ei byggteknisk vurdering 10. januar i år, som er gjort av takstmann i 2016. I vurderinga kjem det fram at bygget er laga av konstruksjonsstål som ikkje tek skade av lett varme.

– Der konstruksjonen er deformert, er det å rekne som skrapstål. Dette kan ikkje brukast på nytt, heiter det i den byggtekniske vurderinga.

Takstmannen som har gjort vurderinga anslår stålkonstruksjonane på om lag 30 meter av bygget kan brukast på nytt.

Varsel om pålegg

Etter å ha motteke vurderinga sende Arbeidstilsynet 12. januar ut eit varsel om pålegg til Miljøkvalitet AS.

– Slik vi lese vurderinga, må det gjennomførast nødvendige tiltak og utbetringar. Ifølgje vurderinga må dei stålkonstruksjonane som blei deformert under brann, fjernast. Det ligg føre brot på bestemminga om plan for vedlikehald, skriv Arbeidstilsynet og gir frist om tilbakemelding til 2. februar.

Denne fristen blei ikkje overhalden av Miljøkvalitet.

Dermed fekk bedrifta eit pålegg om å utarbeide ein plan for vedlikehald av bygningsmassen, med frist 1. mai. Miljøkvalitet bad om utsetting fram til 1. juni, noko dei fekk.

Varsel om tvangsmulkt

12. juni varslar Arbeidstilsynet at dei vurderer å gi Miljø- kvalitet tvangsmulkt på 1.000 kroner for kvar vyrkedag, frå 25. august.

– Viss de har kommentarar, må vi ha desse skriftleg innan 26. juni. Viss ikkje, vil Arbeidstilsynet pålegge tvangsmulkt, heiter det i brevet.

Den 26. juni svarer Miljø-kvalitet. Då får Arbeidstilsynet ei oppdatering der det blir opplyst om at lagerhallen vil bli riven til hausten, som gjer at dei får ei utsetting av fristen fram til 10. september.

Planen

Ifølge planen for riving, skulle arbeidet med å rive den brannskada hallen starte i veke 31, siste veka i juli/første av august, med fjerning av avfall og flis/treverk frå og i rundt hallen. Dette skulle skipast fortløpande ut til godkjende mottak. Ifølge planen er alt av veggplater og takplater i hallen totalskadd, og skulle i veke 33 og 34 fjernast og leverast til materialgjenvinning.

Stålrammer, dragarar, betongelement, betongplater, kummar og røyr skulle sorterast, kontrollerast og sjekkast for å finne ut om kvaliteten var god nok til gjenbruk.

Brannen

Måndag 9. juli tok det til å brenne i restavfall i hallen. Tysdag fekk brannmannskap frå Sykkylven kontroll over brannen. Olav Tenden, dagleg leiar i Miljøkvalitet, seier det har heldt seg til fristar dei har fått, og ønskjer ikkje kommentere meir då han er på ferie.