Ifølge Vikebladet.no starta brannen i terrenget ved eit område som heiter Lisjenotten i Ulsteinvik.

- Vi har seks mann på veg til området, fortalde fagleiar for brann, Per Erik Akerjordet, til Vikebladet Vestposten like etter klokka 02.30.

Han la til at det var ei utfordring å få vatn opp til området.

Men ikkje så lenge etter såg det ut til at brannfolka hadde fått kontroll på flammane.

Brannen skal ha starta ved ei Stikk Ut-rute, ifølge Møre og Romsdal politidistrikt.

Dei stadfesta at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen.