Møre og Romsdal 110-sentral melde om saka like før klokka 14.

Operatør Ketil Vikås ved 110-sentralen seier at brannen er av begrensa omfang.

- Mannskap frå Sykkylven brannvesen tek seg over til holmen for å sløkke, seier han.

Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg, seier Vikås. Det var ein kajakkpadlar som varsla om brannen.

Klokka 14.45 melde brannvesenet at om kontroll på staden. Terrenget vart dynka for å sikre området.