Måndag fekk Sunnmørsposten eit tips om ein kval som skal ha drive i land ved Ulla fyr i Haram kommune. Det stadfestar kommunen sjølv, som no jobbar med mogelege løysingar for å få han vekk.

– Vi har vore i kontakt med både Havnevakta, Kystvakta og Fylkeskommunen, og det ser ut til at Kystvakta er den beste løysinga, seier Camilla Nilsen i Haram kommune.

Vaktsjef hos Kystvakta, Arild Alvestad bekreftar at kommunen har vore i kontakt med dei om mogeleg bistand til å fjerne kvalen.

– Akkurat no jobbar vi med å finne ut om vi kan hjelpe til. Om vi har anledning vil vi gjerne hjelpe til og då blir det truleg onsdag eller torsdag denne veka, seier han.

To alternativ

Alvestad fortel at det generelt er to mogelege måtar å fjerne kvalen på. Den eine er å slepe kvalen ut til havstraumane som går nordover. Då vil kvalen truleg ende opp nord i Barentshavet utan å flyte i land på vegen.

– Den andre tingen vi kan gjere er å taue han eit stykke ut i havet og senke han med ein eller annan form for lodd, slik at naturen kan gå sin gong på havbotnen, legg han til.

Ventar på svar

Men dersom Kystvakta ikkje har anledning, må kommunen finne ein annan måte å bli kvitt kvalen. Nilsen fortel at dei førebels ventar på svar frå Kystvakta, men at ho også har tatt kontakt med mellom anna oppdrettsanlegget på Rogne.

– Der var dei usikre på om dei kunne hjelpe sidan det er mange som er på ferie no, seier ho.

Ein ting er i alle fall sikkert. Kvalen må vekk på ein eller annan måte etter kvart.

– Eg har ikkje vore der sjølv, men eg har fått høyre frå meldarar at det flyt litt utover og at det ikkje er så godt lukt frå kvalen, legg Nilsen til.

Stram lukt

Ei av dei som varsla kommunen om kvalen var Bente Kalsnes. Ho fortel at kadaveret ligg fast mellom nokre steinar inne i ei bukt.

– Vi kjende lukta eit stykke unna, og då vi kom nærare var det ei ganske stram lukt, seier ho. Kalsnes fortel at ho er spent på om kvalen kjem til å bli opna for å sjå etter plast.

– Eg lurar på om dei kjem til å gjere noko liknande som det dei gjorde med kvalen på Sotra.

Ingen prøvetaking

Fiskeridirektoratet opplyser at dei har vore i kontakt med Havforskingsinstituttet (HI) om eventuell prøvetaking av kvalen. Det har ikkje HI kapasitet til. Fiskeridirektoratet oppfordrar også folk til å la kadaveret ligge i fred til det har blitt fjerna. Det skriv fungerande regiondirektør for region Midt, Kristin Skarbøvik i ein e-post.

Vanskeleg å artsbestemme

Instituttleiar for Institutt for naturhistorie, Torkild Bakken ved NTNU har sett på bileta av kvalen. Ifølgje han er det vanskeleg å seie kva for art det kan vere, då kvalen er såpass roten.

– Det er også litt vanskeleg å avgjere utan ein form for skala, men den ser ganske stor ut. Då meiner eg at det kan vere ein større grindkval. Med noko atterhald altså, seier han etter å ha sett på bileta.