Lusie Gjersvoll er mor til ein overlevande og leiar i Støttegruppa 22. juli i Møre og Romsdal.

– Samfunnet har gått vidare, men for oss som vart direkte berørt ligg dette rett under huda, fortel ho.

Store ettervirkningar

– Gjennom juli månad fram mot årsdagen kjenst det spesielt for de som mista sine.

Dei som var tenåringar på Utøya i 2011 har no blitt unge vaksne i 20-åra.

– Eg trur dei ser at støttegruppa kan bli viktig for dei framover.

Gjersvoll fortel at gruppa har vore eit fellesskap og samlingspunkt der folk forstår kvarandre og kan dele gleder og sorgar.

Ho seier også at støttegruppa akkurat har gjennomført ei ny undersøking som visar at mange framleis slit med store ettervirkningar

Støttegruppa kan bistå med å finne måtar å leve med problema.

Lokale minnesamlingar

I kvar kommune som mista nokon på grunn av 22. juli-terroren, er det reist minnebautaer. Her blir minnestunder der alle er velkomne. Folk oppbodas til å legge ned roser. Ein av seremoniane er ved Indre Sula Kyrje frå klokka 18. Lars Henning Hide Fylling skal synge. Elles i Møre og Romsdal blir det minnestunder i Ålesund og Ørsta. Sunnmørsposten har ikkje lykkast med å finne tidspunkt for desse to. Stryn var einaste kommune i Sogn og Fjordane som mista nokon.

Her er det minnestund frå klokka 15 i Betania-parken opplyser Kolbein Fridtun i Støttegruppa 22. juli Sogn og Fjordane.

– Ordførar Sven Flo kjem, det er også ein representant for Fylkesmannen, og det blir eit musikalsk innslag fortalte Fridtun i forkant.

Støttegruppene kjem til å legge ned kransar før alle er velkomne til å legge på rosar.

Storsamling på Utøya

Lusie Gjersvoll reiser truleg til Utøya, der berørte frå heile landet samlast. Namna på alle dei omkomne blir her lest opp.

– Vanlegvis pleier 15–20 personar frå fylket å dra. Støttegruppa kan hjelpe til med å arrangere felles reise om nokon treng det, seier ho.

Gjersvoll er glad for at initaitvet frå kunstnar Tobbe Malm, med å smi jernrosar, endeleg blir synt fram.

–Alle dei pårørande fekk smi jarnrosar, disse blir stilt ut ved Oslo domkyrkje.