Det er Møre og Romsdal Politidistrikt som melder dette, klokka 15.58 tirsdag ettermiddag.

Trafoen skal stå ved Berknesvegen på Eikrem i Volda kommune.

Bebuarar i det næraste huset er evakuert. Brannvesenet er i gang med slokking, oppdaterer politiet.

Klokka 16.13 melder politiet at brannvesenet har kontroll på flammane. Volda brannvesen er i gang med etterslokking. Dei dynkar også terrenget med vatn.

Oppdatering: Det er ein person som skal ha blitt evakuert frå staden. Vedkommande skal no ha blitt sendt heim igjen.

Brann: Her er staden der det skal ha brent. Foto: Svein Olav Humberset

Fleire skal vere straumlause

140 Tussa-kunder skal vere straumlause etter brannen, melder Møre-Nytt.

- Det er spenning fram til Mork. Området rundt Morksenteret har fått att straumen, No er det 140 kundar som framleis er straumlause, seier dei til Møre-Nytt.

Klokka 20:17 tysdag melder Mørenett at alle i området skal ha fått tilbake straumen, skriv Møre-Nytt.

Brannen oppstod etter eit lynnedslag på Eikrem. Foto: Svein Olav Humberset