– Vi begynte så vidt denne veka. Det er minst to veker tidlegare enn normalt, seier han.

– Snart kjem den i butikkar i Ålesund, reklamerer han.

40 tonn bringebær reknar han med vil det kome frå Valldal i år.

Landets største

I Innvik i Stryn starta sesongen allereie for tre veker sidan, 26. juni, ifølgje Henriette Ansok Hatling ved Innvik Fruktlager.

Innvik er størst i landet på mottak av bringebær. Hittil i år er det selt 90 tonn konsumbær. I tillegg kjem bær til industrien. For heile sesongen forventar ho eit samla sal på 450 tonn. Det er ei dobling sidan 2013.

– Kva er grunnen til at Innvik har bær tre veker før Valldal?

– Her i Valldal har vi ikkje tunnelar for å drive bæra raskare fram. Vi vil helst ikkje ha bringebær samtidig som jordbær, seier Fuglem i Valldal.

– Kven har den beste bringebæra då, Innvik eller Valldal?

– Eg har ikkje hatt tid til å smake på den frå Innvik. Men det kan vere smaksforskjellar på grunn av klima og jordsmonn. Slike forskjellar kan det vere også lokalt, seier Fuglem.

Forsøk med nye sortar

«Glen Ample» er ein viktig grunn til at salet av bringebær har tatt av. Denne sorten dominerer framleis. 90 prosent av det som kjem frå Valldal er «Glen Ample», ifølgje landbruksrådgjevar Aksel Døving.

– Eg har hatt nokre prøveplantar med ein ny sort, «Ninni». Det er for tidleg å seie om det blir meir. Den er kanskje litt søtare, men det blir også ein meir hektisk hausteperiode. «Glen Ample» er også ein sort som vi veit toler klimaet her bra, seier Fuglem.

Sesong ut august

Han reknar med at sesongen for bringebær varer ut august.

– Og jordbærsesongen?

– Den varer kanskje to-tre veker til.

– Innvik er kanskje størst i landet på bringebær. Men Valldal er størst på jordbær, legg Fuglem til.