Janne Hogrenning Eimind var tidlegare i dag på besøk hos søstera si, som har fast campingplass ved Sande camping i Lodalen i Nordfjord.

Dei var begge førebudde på lyn og tore, men blei sjokkert over kor raskt og kraftig stormen kom.

Slik såg det ut på campinga etter vindkasta. Foto: Janne Hogrenning Eimind

– Vi såg at det kom som ein vegg ned gjennom dalen. Vi hadde sett meldingane, men at det skulle kome så mykje vind, bølger og regn på ein gang, hadde vi ikkje trudd, fortel Eimind over telefon og legg til at det heile var over på 20 minutt.

– Men det var heftig når det gjekk føre seg, legg ho til.

Lause gjenstander flaug av sted

For i løpet av den korte stunda rakk stormen å få med seg fleire fortelt til campingvognene. I tillegg var det fleire lause gjenstandar som flaug omkring, og dei store bølgjene gjorde skader på moloen ved campinga.

Stormen flytta på småstein ved moloen på campingen. Foto: Janne Hogrenning Eimind

– Men eigaren var kjapt ute med å få ein lastebil med grus på plass, og fekk plukka opp lause gjenstandar, der nokon hadde hamna i vatnet, seier Eimind som søkte tilflukt inne i campingvogna mens det gjekk føre seg.

– Men vi bur jo trass alt på Vestlandet, så vi blir vande med litt av kvart, seier ho.

Anda flaug

På Hellesylt gjekk uvêret utover «Store-kvakk», som er namnet på den store anda som brukast under Hellesyltdagane.

Slik såg "Storekvakk" ut etter at vinden hadde herja på Hellesylt. Foto: Knut Dag Langeland

Plastanda, som er åtte meter høg og mellom fire og fem meter brei og tilhøyrer Hellesyltdagane-komiteen, sleit seg då vinden kom til Hellesylt.

Det resulterte i ei punktert and.

– Ho vart spjæra i stjerten, melder Knut Dag Langeland og legg til at det heile var uflaks.

– Det var berre fem minutt det stod på med vindkast, før sola var tilbake. Så det var uheldig, men slikt er det jo, fortel Langeland på telefon frå Hellesylt. No håper han at dei skal få fiksa Store-kvakk snarast.

Slik såg Store-kvakk ut før ho blei tatt av vinden. Foto: Fredrik Stadheim

– Det er litt stas med denne anda.

Sist gong ho sleit seg, så fiksa PVC Almenningen ho, og no skal dei prøve igjen

, så forhåpentlegvis så ordnar det seg, seier Langeland som elles ikkje har observert nokon andre skader etter vêret.

– Men eg hadde knytt fast trampolinen i hagen, og det er eg glad for. Elles hadde ho nok letta!

Rotvelt

Jan Erik Sandbakk var på jobb i Stryn då uvêret slo inn, og merka seg også at det gjekk fort.

Ei rotvelt venta Jan Erik Sanbakk då han kom heim frå jobb. Foto: Jan Erik Sandbakk

- Spesielt vinden kom fort, og det tok litt tid før regnet kom, så det blei ein del røykskye etter tørr grus, fortel han.

Då han kom heim til garden i Loen hadde eit tre falt over vegen.

- Det viser at det har vore litt krefter i sving. Heldigvis har vi ikkje opplev straumbrot, seier han.

Fleire merka uvêret

NRK skriv om fleire som har hatt heftige opplevingar i forbindelse med stormen.

Eit turfølgje måtte søke ly ved Jostedalsbreen då det bråe uvêret slo inn.

Til NRK fortel ei at ho var vitne til ein virvelvind rett over vatnet ved breen, som tok med seg ein landgang.

Mange fortel om våte og kalde turistar, som ikkje var førebudde på det som skjedde.

Det skal vere fleire rotvelt etter stormen.

Lynnedslag

Lynnedslag førte også til to skogbrannar ved Sognefjorden tysdag.

Lynnedslag har også ført til ein brann på Eikrem i Volda og røykutvikling på Folkestad.