Skal sikre bustadhus:

Byggjer 400 meter lang skredvoll i Ørsta

Arbeidet med skredvollen på Vallabøen har kome langt på kort tid.

KAN KOME SKRED: Det var etter ei vurdering gjort i 2011 at skredsikring av Vallabøen kom på dagsorden i Ørsta kommune. Rapporten konkluderte med at øvste del av bustadfeltet kunne vere utsett for skred.   Foto: Kjell Arne Steinsvik

Nyheter

(Møre-Nytt): Etter litt over ein månad med graving, er området på Vallabøen knapt til å kjenne att. Entreprenøren K A Aurstad har gjort store framsteg med den fire hundre meter lange skredsikringsvollen.