– Eg kjenner ein lette, og så er eg veldig takknemleg for fantastiske år i Selje og korleis eg har blitt motteke i denne bygda, og alle gode vener eg har fått. Det har vore heilt fantastisk, seier Kjell Stig Amdam (76) til Fjordenes Tidende etter at han har selt galleriet og heimen sin.

Eigedomen er seltd til ein privatperson i Sveits, som truleg vil bruke den som bustad eller fritidsbustad.

Det var i april i år at eigedomen vart lagt ut for sal, då med ei prisantydning på ti millionar kroner.

– Eg har tenkt å bli litt urban, og flytter inn i ei sentral leilegheit i Bergen. Ein epoke er over. Og ikkje berre skal eg flytte. Eg planlegg også å lage ein stor loppemarknad. For eg kan ikkje ta med meg alt saman til Bergen, sa kunstnaren til Sunnmørsposten då.

Amdam vil ikkje røpe om han fekk ti millionar, men til Fjordenes Tidende seier han at han er godt fornøgd.

Siste sjanse

Nokre bilde, stol å sitje på og eit middagsservise skal Amdam ha med seg til Bergen, men først skal det seljast.

– Dette er jo eit stort hus, og nokre fleire hus og eg har altfor mykje ting. Så her skal det skjerast til beinet, og det meste blir for sal, seier Amdam til lokalavisa.