Dei to diesel-elektriske hybridferjene er teikna av Bergen-baserte LMG Marin. Under normal drift skal ferjene kunne ladast ved kai. Tanken er at dieselmotor berre skal brukast i naudstilfelle.

Ferjene blir 114 meter lange og kan ta opptil 296 passasjerar. Det blir også rask ombordkøyring, lovar LMG Marin.

Det er Norled som har fått retten til å trafikkere dette sambandet frå 2020, i konkurranse med Havila-eigde Fjord1. Dei to ferjene skal byggjast av Remontowa Shipbuilding i Polen.

Mellom Festøya og Solavågen skal det vere avgang kvar 20. minutt med to elektriske ferjer og ei hybridferje. Det er ikkje kjend kva som blir den tredje ferja.

Nyheita kjem etter at Fjord1 og Vegdirektoratet møttest i retten, etter at Fjord1 tapte kampen om å drive ferjesambandet. Norled la seg på ein pris heile 500 millionar kroner under Fjord1.