(Vikebladet Vestposten): Om sumaren lev Kjell av å fiske og selje reker. Han er ute og trålar fram til lunsjtider, so legg han til ved forskjellige kaier, og sel dagsferske reker.

– Det er greitt å starte tidleg, for då kjem eg inn til land tidsnok til å få selt rekene same dag. I dag er det flotte forhold. Det er fint og stille. Ein bra dag å tråle på. Er vêret dårleg drar eg ikkje til havs, fortel Halse, og held fram:

– Ein kan tråle reker frå januar til september. Det er for det meste det eg driv med på sumarstid. På vinteren fiskar eg torsk med garn, da er det ofte stor fangst. Da må eg sette garnet ein dag, for so å komme tilbake neste dag. Då hender det at vêret blir dårlegare enn antatt, men ein må ut å dra opp garnet. Eg jobbar stort sett heile året.

– Når eg trålar, er eg som oftast ute i 4–5 dagar. Då legg eg til kai i ulike hamner og søv i båten. Det er ikkje like komfortabelt som å sove heime, men eg er van med det, og søv godt. Heldigvis blir eg aldri sjøsjuk. Det er eit veldig fritt liv. Når det er sumar, kunne eg ikkje tenke meg å jobbe med noko anna. Eg trivest veldig godt med å arbeide ute.

Kyrkjegard

Når ein er ute på havet er det ikkje berre bølgene som utfordrar.

– Det verste som kan skje er at eg set meg fast, og at heile trålen vert øydelagd. Heldigvis har det aldri skjedd før, men det har vore nær. Eg har trudd at det kom til å skje nokre gongar. Utføre Flåvær ligg det mange båtvrak som har blitt dumpa her tidlegare, det er reine kyrkjegarden. Før fant dei seg eit område som var djupt, og kvitta seg med gamle båtar. Heldigvis har det blitt forbode no, fordi det forureina. Det er lett at garnet blir sittande fast i vraka. Det har skjedd eit par gongar, og da kjem det opp vrakrestar når eg dreg opp trålen.

- Eg visste ikkje at det fanst reker i sjøen her i området.

- Å jo da, det har vore tråla reker i Fjordane her på Sunnmøre i alle dei år. Det er i alle fall hundre år sidan ein byrja å tråle etter reker her. Eg har blant anna vore ein del utføre Hatløya og Borgarøya å fiska reker, då køyrer eg inn til Geileneset for å selje etterpå.

(saka fortsetter under)

Lærte av løyndomen til ein pensjonert fiskar

- Fiske byrja eg med etter ungdomsskulen. Noko utdanning har eg ikkje. Berre erfaring. Eg byrja med reketråling i 87’. Det var ein 89 åring frå Leikong som hadde drive med reketråling ute på øyene her i 40 år. Det var han som fortalde meg kor ein finn reker. Båten har eg overtatt frå far min. Den er 79 år. Han dreiv også litt med fiske.

To drag

Om bord luktar det ein miks av propan, hav og ferskkokte reker. Fingrane kjennest stramme ut på grunn av saltet som ligg som eit tynt lag over alt på dekket.

Fyste drag med reker, i alt 10 kg har blitt sortert, skylt, salta og kokt om bord på Harald Junior. Det er på tide å dra trålen over leirbotnen igjen. Ved andre oppdraging har sola kika fram, og måsane blitt desperate.

Mykje smak: – Slikt får ein ikkje i frysedisken på daglegvarehandelen. Dei mister kvalitet når dei vert fryst ned og tint, sier Kjell Olav Halse. Foto: Emily Louisa Millan Eide

– Det er alltid spennande å sjå kva som blir med opp når ein fiskar. Ein gong fanga eg ein blekksprut på 40 kilo, det er det raraste eg nokon gong har fått i tråla, då vart eg veldig overraska. Den arten høyrer eigentleg til i sydlege strøk.

Når ein trålar, er det viktig å ikkje la den ligge for lenge uti, for tråla har ei rist som sorterar vekk dei store flyndrene, og manetane. Blir den tetta med manetar, får ein ikkje fanga fleire reker.

Klokka 13 fortøya Kjell båten til brygga ved Geileneset. Eit minutt etterpå byrja det å høljregne. Det stod 10 kundar å venta på å få kjøpe dei ferske rekene.

(denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten)