(Møre-Nytt): Tranvåg har hytte på Melssætra, og var i den samanheng oppe for å gjere dugnadsarbeid på den private grusvegen. Han hadde halde på i om lag ein halv time, då han såg at det kom røyk frå motoren til traktoren, som han kjøpte brukt for mindre enn ei veke sidan.

Ikkje tilgang til vatn

Det einaste som finst av vatn på Melssætra, er ein bekk som renn forbi bortanfor hyttene.

Bekken er i sommar så liten at det ikkje var råd å hente vatn der ifrå. Det einaste Tranvåg kunne gjere, var å ringe brannvernet så fort som råd og flytte unna ei lita gravemaskin som stod like ved.

For det vart høge temperaturar.

– Då det verkeleg tok fyr, byrja det brenne i terrenget rundt traktoren. Eg tenkte det var godt eg hadde ringt brannvernet, så dei var på veg.

Låste opp porten

I mellomtida såg mange i Åmdalen at det brann oppe på setra.

Fleire ringde brannvernet, som allereie var på veg til staden. Ein snarrådig granne forta seg fram for å låse opp bommen, som hadde vorte låst medan Tranvåg var oppe på setra.

Dermed var det fritt leide for brannmannskapet å køyre rett opp når dei kom fram.

– Ein fantastisk jobb

Sjølv om setervegen er bratt og smal, kom både tankbil og andre utrykkingsbilar seg heilt opp til den brennande traktoren.

Tranvåg var letta då dei kom fram og starta sløkkinga.

– Dei kom fort og gjorde ein fantastisk jobb. På grunn av varmen hadde brannen byrja spreie seg. Det kunne gått mykje verre, for det fauk glød når ting byrja eksplodere. I skråninga nedanfor ligg det tørt skat som byrja brenne. Heldigvis var det så godt som vindstilt denne dagen. Om det hadde vore vind, kunne det gått langt verre, seier Tranvåg.

Brannvernet fekk raskt kontroll over situasjonen og dynka terrenget med vatn. Til alt hell gjekk berre traktoren tapt i brannen.

– Men det var ein situasjon eg ikkje unner nokon a hamne i, seier Tranvåg.

Denne saka vart først publisert på morenytt.no

Til alt hell var det vindstilt tysdag. Om det hadde blese, kunne brannen raskt spreidd seg til sela og hyttene på Melssætra. Til venstre i biletet ser ein kvar traktoren stod på vegen. Foto: KJELL ARNE STEINSVIK