Ved strandsona vil Arnulf Goksøyr bygge hytter på Runde. Sporstøl Arkitekter har laga ein skisseplan. Vestlandsnytt skreiv om saka først.

Området ligg ved sidan av Christineborg Gjesthus, som også er eigd av Goksøyr. Denne tomta har eit område som er sett av til fritidsbustad-formål. Her vil han plassere opptil ni hytter i terrenget. Tomta ligg på Langeneset med utsikt i fleire himmelretningar.

Runde er registrert som eit viktig kulturlandskap. For at det skal bli minst mogleg inngrep, er tanken å bygge hyttene på pålar, går det fram av skisseprosjektet. Hyttene skal heller ikkje ha tilkomst med bil. «Tanken er at området sjølv etter at bygga ikkje lenger består skal vere eit naturleg vakkert område utan øydeleggande arr», heiter det.

I referat frå oppstartsmøtet står det at fri ferdsel langs sjøen må varetakast.

– Kommunen er positiv til ideskissa og meiner den legg eit godt grunnlag for vidare arbeid med prosjektet, seier Goksøyr til Vestlandsnytt. Om fritidsbustadene skal vere til utleige eller i privat eige er det ikkje teke stilling til.