Målet er å ha kapital til å gjennomføre eit samla forprosjekt for bygging av bru Anda-Lote over Nordfjorden, ifølgje ei pressemelding.

– Når Stortinget samtidig har vedteke nye og betre rammevilkår for ferjeavløysings-prosjekt, ligg alt til rette for å setje inn eit nytt gir i arbeidet med å få bygd bru Anda-Lote, uttaler styreleiar Alfred Bjørlo i Nordfjordbrua AS.

– Stort trafikkgrunnlag

Dei ønskjer å gjere alt forarbeidet som trengst som grunnlag for eit vedtak om å bygge og finansiere brua som eit såkalla ferjeavløysingsprosjekt. Mellom anna dreiar det seg om å gjere alle nødvendige tekniske avklaringar, få utarbeidd konsept for ei bru, ytterlegare dokumentasjon på samfunnseffektar og finansieringsmodell.

– Trafikk- og finansieringsanalysen for Nordfjordbrua Anda-Lote som vart lagt fram i vår, syner at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling, seier Bjørlo i pressemeldinga.

Møter departementet

No står møter med møter med Kystverket og politisk leiing i Samferdsledepartementet for tur i august, der ein er særleg spent på ei politisk avklaring i departementet.

Beate Dybendal Nordvik frå Gloppen er nytt styremedlem i selskapet, og Olin Johanne Henden går ut. Etter emisjonen er gjennomført i haust, vil ein sjå på samansetninga av styret på nytt, opplyser selskapet.

Alfred Bjørlo (Eid) er styreleiar i selskapet, og Svein Ottar Sandal (Gloppen) er nestleiar i styret. Jan Olav Tryggestad er engasjert som dagleg leiar.