Vest politidistrikt meldar at føraren av bilen er hardt skadd etter samanstøytet:

Politiet meldte tidlegare at ein person  vart sittande satt fast etter at ein bil krasja med eit tre i Bryggja i Vågsøy. Det er «opplyst frå staden at personen ikkje er fastklemd, men bilen ligg slik til at det er vanskaleg å få han ut,» meldte Vest Politidistrikt. No er personan tatt ut av bilen og frakta til sjukehuset i Førde. Tilstanden er alvorleg.

Ei kvinne og to barn er frakta med vanleg ambulanse, også dei til Førde. Barna er lettare skadd, kvinna moderat skadd. Vågsøy har hatt ein svært dramatisk dag med to forskjellige ulykker.