Helse Førde AMK kom med siste nytt i følgande Twitter-melding:

Luftambulanse, ambulanse og politi rykka ut til bygda Torskangerpollen etter at det kom inn melding om at ein mann i Vågsøy hadde falt ned frå ein stige.

Det er altså ein dramatisk dag i Vågsøy, med to separate ulykkar.

Fallet skal ha vore på om lag seks meter, meldte Vest politidistrikt på Twitter ved 14.30-tida.

Etter kort tid meldte politiet at det gjekk føre seg redningsarbeid på staden og at vedkommande vart heist opp i helikopter.

– Mannen er brakt med luftambulanse til sjukehus i Førde, opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund til Sunnmørsposten.

Han var ved medvit etter ulukka, men skal ha skada seg i bekkenet og rygget, ifølgje politiet.

Mannen skal ha vore i arbeid med å male eit naust i privat regi då uhellet skjedde. Det skal ikkje ha vore vitne til det som skjedde.

Skadane skal ikkje vere livstrugande.