Det opplyser dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik. Selskapet står bak det nye turisttilbodet Fjord Cruise Hjørundfjord, som frå 1. juni starta med tre daglege turar mellom Ålesund og Øye.

Turane skal halde på til 31. august. Halvvegs i den første sesongen, har ruta ikkje slått an så godt som selskapet hadde venta.

Framleis tru

– Vi har budsjettert med høgre passasjertal enn det båten har hatt, men vi har framleis tru på at Hjørundfjord-ruta har eit stort potensial. Vi håper og er spent på om passasjertalet tek seg opp no i resten av juli og i august, seier Sandvik.

Han fortel at dei fleste passasjerane er cruisebåtturistane, og at båtruta gjer det bra innan den turistmarknaden, men passasjerar frå Ålesund og resten av Møre og Romsdal har det vore færre av.

Overraska

– Eg er overraska over at lokalmarknaden ikkje nyttar seg meir av denne mogelegheita til å sjå og oppleve Hjørundfjorden. Ikkje minst for ivrige fjellfolk er båten ein fin måte å kome seg frå Ålesund til Urke for å gå på Saksa, eller til Øye for å ta ein topptur på Slogen, før båten returnerer til Ålesund.

– Eller ein kan ta buss vidare til Geiranger og oppleve to flotte fjordlandskap på ein dag, meiner Rolf Sandvik som håper at fleire får augo opp for kva ein båttur i Hjørundfjorden har å by på.