Utrykkingspolitiet gjennomfører fleire fartskontrollar for tida. Laurdag kveld var dei på plass ved Kvivstunnelen mellom Volda og Hornindal. Ein mann i 20-åra køyrte i 130 km/t i 80-sona og fekk beslaglagt førarkortet, melder politiet på Twitter.

På Valderøya mista heile 4 førarar lappen i kontroll:

I Skodje, nærare bestemt Brusdal, var høgaste registrerte fart 123 km/t i 80-sona. To førarar fekk inndratt førarkortet, fire slapp unna med fartsbot.

I Volda/Ørsta vart ein mann i slutten av 20-åra pågripe og sett i arrest. Han blir anmeldt for fleire alvorlege trafikkforhold.

Slåstkampar

I Ålesund måtte politiet gripe inn i eit slagsmål mellom to personar, dette meldte dei om 2.56.

Klokka 05.56 oppsto nok eit slagsmål. Denne gongen måtte ambulansen rykke ut, medan politiet tok opp jakta på den eine personen, som stakk av.

Og ikkje nok med det. Litt over klokka 6 kunne politet melde om slåstkamp nummer tre i Jugendbyen. No utanfor eit hotell.

I Ørskog blei ein berusa båtførar tatt med til prøvetaking og anmeldt. Dette skjedde rundt klokka 5.

Enda meir nattestøy i Ørsta

Og – det byrjar å bli ein lokal tradisjon – ein førar Ørsta vart anmeldt av politiet for å køyre rundt med særs høg musikk og vindauga nede. Dette er det tredje tilfelle der politiet grip inn overfor nattebråk i Ørsta, berre denne helga.

Tidlegare har hotellgjestar blitt vekt midt på natta.

Også på Malakoff måtte politiet gripe inn: