Måndag fekk Sunnmørsposten tips om eit illeluktande og rotnande kvalkadavaer ved Ulla fyr. Etter bileta å dømme hadde kvalen vore daud ei stund.

I kveld har «KV Njord» teke hand om kvalkadaveret, og skal slepe det ut i havstraumane som går nordover. Då vil kvalen truleg ende opp nord i Barentshavet utan å flyte på land igjen på vegen.

På grunn av at kvalen er sopass roten, er det vanskeleg seie kva art det kan vere.