Monica Sund frå Aurskog har aldri vore på Sunnmøre før, men no er ho mektig imponert over fjorden, fjella og bygdene som ligg bada i sommarsol og uvanleg høg temperatur denne julidagen.

Inspirert av TV-serien 71° nord har dama frå Austlandet fått med seg kjærasten sin Tommy Johansen på Vestlandsferie, og no er paret om bord på hurtigbåten selskapet The Fjords har sett opp med tre turar dagleg mellom Ålesund og Øye, med mogleg stopp på Trandal og Urke.

– Eg har sett kvart einaste program, og blitt så imponert av all den flotte sunnmørsnaturen som er vist på TV, -og ikkje så reint lite misunneleg på deltakarane i 71° nord, at eg fann ut at eg måtte legge ut på mi eiga reise, seier Monica Sund og fangar smilande inn siste rest av Storfjorden i det Hjørundfjorden opnar seg framfor kjølen.

Avgang: Ei gruppe utanlandske turistar er klar for båttur i Hjørundfjorden medan cruiseskipet dei er passasjerar på ligg ved kai i Ålesund. Foto: Solfrid Vartdal

Ho er ikkje åleine om å nyte utsynet. Frå kaia ved rutebilstasjonen har ei gruppe lokale turistar og vel 50 passasjerar frå dei to cruisebåtane som denne dagen vitjar Ålesund, gått om bord på hurtigbåten for å oppleve Fjord Cruise Hjørundfjord før dei forlèt jugendbyen seinare på ettermiddagen.

– Fjell, vatn og norsk natur er veldig viktig for desse folk, fortel Trond Klokkersund i Local Trips som har fått amerikanarar, engelskmenn, tyskarar og australiarar til å kjøpe billett til denne turen.

Natur: Kamera og mobiltelefonar er framme på ein blunk i det båten passerer Hundeidvik og Hjørundfjorden opnar seg. Foto: Solfrid Vartdal

Det ser ikkje ut til at nokon av dei angrar på det, for båten har knapt passert Hundeidvik før alle er i full gang med kamera og mobiltelefonar for å sikre seg rikeleg med bilete av natur dei knapt har sett maken til.

Fantastisk

– Fjella, sjøen og snøen. Tenk at det er snø å sjå i juli! Naturen er fantastisk, og veldig forskjellig frå Spania. Ana Oallego og Jose Romero frå Sevilla blir mest mållause når dei ser snøflekkane som enno ligg i fjellsidene i det båten passerer Standal.

Fotografering og rosande utrop frå passasjerane blir endå meir høglydt når båten på blikstille fjord glir forbi fjelltoppar som Saksa ved Urke, og Slogen som ragar over Øye, og når båten tar eit kort stopp på Trandal for å plukke opp to damer som skal vere med vidare til Øye.

Imponert: Spanjolane Ana Oallego og Jose Rohero er mektig imponert over fjella og snøen som enno ligg Foto: Solfrid Vartdal

– Absolutt fantastisk. Eg nyt kvart sekund, strålar Helen Smith frå London. Som engelsk turistagent er ho på rundtur for å gjere seg kjend i Hjørundfjorden saman med Toril Sjåstad frå 62° Nord, Seinare i sommar skal ho sende engelske turistar hit.

– Ho har fått høyre historia om Storeide Walley-brothers og sett seg om på Christian Gaard. No står Øye og hotellet der for tur, fortel Toril Sjåstad.

Saka fortsett under

Trandal: Engelske Helen Smith (t.h) er på tur for å lære om Hjørundfjorden. Her er ho på Trandal saman med Toril Sjåstad. Foto: Solfrid Vartdal

Ein familie frå Herøy kom seg ikkje på land på Trandal på denne turen, og syntest det var skuffande å ikkje få ein stopp der slik dei hadde planlagt og slik passasjerbåten reklamerer med.

– For for låg sjø og andre omstende gjorde at desse gjestane diverre ikkje kom seg til Trandal i dag, men vanlegvis byr det ikkje på vanskar for

Urke: Gjestar på Urke kaihus helsar til passasjerane om bord i hurtigbåten i det den glir forbi bygda. Foto: Solfrid Vartdal

båten å legge til slik at dei som vil kjem på land her, seier lettmatros Aina K. Ingebrigtsen. Ho har jobben med å ta seg av passasjerane på Fjord Cruise Hjørundfjord-turane.

– Eg brenn for Hjørundfjorden. Eg vil at så mange som mogleg skal få oppleve den flotte naturen, seier ho.

Lokale folk

Denne julidagen var utanlandske turistar i fleirtal blant passasjerane på den nye ruta mellom Ålesund og Øye, men det var og lokale personar som har fått augo opp for å oppdage eige nærmiljø på dette viset.

Øye: – Denne turen skal vi anbefale til andre. Her på Øye og i resten av Hjørundfjorden er det verkeleg flott, meiner ekteparet frå Molde, Margit og Johannes Bjordal. Foto: Solfrid Vartdal

– Det er fasinerande å sjå fjella som stig rett opp frå sjøen. Om bord i båt kjem vi tettare på denne ville og flotte naturen, seier ekteparet Margit og Johannes Bjordal frå Molde. Dei har ikkje vore i Hjørundfjorden tidlegare, og har tatt ein dagstur frå Romsdal for å oppleve sunnmørsnatur.

– Ettersom vi er blitt eldre er vi blitt meir og meir opptekne å sjå nye plassar i vårt eige fylke. Turen til Hjørundfjorden skal vi anbefale til alle vi kjenner, lovar moldensarane.

Stopp på Øye

– Kult hotell! Er det her vi skal gifte oss? Monica Sund ler mot kjærasten sin medan paret står på utsida av Hotell Union Øye. Dei to har saman med

Ærverdig: – Det var eit kult hotell. Er det her vi skal gifte oss? spør ei lattermild Monica Sund i det ho og kjærasten Tommy Johansen får ein rask titt på Hotell Union Øye under båttur-stoppen på Øye. Foto: Solfrid Vartdal

fleire cruisebåtturistane tatt ein rask spasertur for å ta ein kikk på det ærverdige sveitserhotellet, Dei rekk det så vidt under den halvtimes lange stoppen på Øye, før hurtigbåten set kursen tilbake til Ålesund.

Andre tar seg tid til å vere på Øye nokre timar, og siktar seg inn på den siste returavgangen. Slik som ålesundarane Guro og Jan Hovland som har sett av dagen til Hjørundfjorden.

– Ein veldig fin dag. Naturen er rett og slett storslegen. Når vi er i båt i staden for å køyre bil, får vi fjella mykje tettare på. Det blir ei heilt anna oppleving, seier dei to medan dei sit i hotellhagen og kosar seg med kaffi og eplekake med is.

Hotellhage: Etter å ha spasert rundt og sett seg om på Øye, tek Guro og Jan Hovland seg ein pause med kaffi og kake i hotellhagen. Foto: Solfrid Vartdal

Før matpausen har dei rusla rundt i den vesle Øye-bygda, sett på hus og gardsbruk og kjent på solvarmen mellom dei høge fjella.

Som småjente var eg ofte på besøk hos tante Ingrid her på Øye, fortel Guro Hovland som finn tilbake til tantehuset før ho og ektemannen går om bord i båten som skal frakte dei heim til Ålesund.

– Turen tilbake til byen kjem heilt sikkert til å bli like fin som turen inn Hjørundfjorden, seier dei såre nøgde med sommardagen langs fjorden.