Rundt klokka 14.30 måndag har det vore eit trafikkuhell mellom ein bilist og syklist i Geiranger sentrum. Det skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Grunnen til hendinga skal ha vore at bilisten ikkje heldt vikeplikta. Det resulterte i at førar sat igjen med ei bot på 6800 kroner. I tillegg fekk førar tre prikkar på førarkortet.

Ifølgje politiet blei syklisten undersøkt av ambulanse, og skal berre ha vore mindre forslått.