(Sunnmøringen) Medan administrasjonen i Strand ser positivt på planane, har politikarane vendt tommelen ned. På møtet sitt i juli gjorde det faste utvalet for plansaker i Stranda vedtak om ikkje å gje løyve til oppstart av detaljreguleringsplan for hotellet.

Ikkje grunngjeve

Stranda Panorama Hotell skal vere eit landskapshotell med inntil 15 romeiningar. I utgangspunktet var desse romeiningane tenkt plassert spreidde i terrenget, men ein har i ein seinare fase vurdert om romeiningane skal samlast i eitt til to bygg, der ein og legg til rette for fellesfunksjonar.

Planane endra

Det er Norplan som prosjekterer hotellet for ei gruppe investorar på Stranda. I noverande fase ser Norplan for seg at bygningane skal ha ein til to etasjar, der form og fasade skal tilpassast terrenget, slik at bygga ikkje ruver eller tek vesentleg utsik frå paviljongen. Etter oppmoding frå administrasjonen har ein inkludert paviljongen i planavgrensinga ved oppstart.

"Ikkje påklagast"

Slik ville ikkje politikarane det. Med plan og bygningslova i handa strekar utvalet under at kommunen si avgjersle ikkje kan påklagast. Samstundes kan ein krevje at saka blir lagt fram for kommunestyret for ei endeleg avgjersle. Ein kan ikkje varsle eller kunngjere oppstart før kommunestyret eventuelt har tatt stilling til spørsmålet.

Etterlyser grunngjeving

Utbyggjarane ber om at vedtaket i utvalet for plansaker blir vurdert på nytt. "På vegner av tiltakshavarane Stranda Panorama Hotell AS ber vi om at dette vedtaket vert vurdert på nytt, anten i kommunestyret eller i det aktuelle utvalet. Vedtak som er i strid med administrasjonen si tilråding skal som eit minimum vere grunngjeve", skriv arealplanleggjar Siri Gausmel i Nordplan til kommunen.

Norplan vil gjerne kome med utfyllande informasjon om dei tankane for området og dei løysingane som ein vil arbeide vidare med i planprosessen.

Saka blei først publisert i Sunnmøringen