Månefisken er kjend som verdas største beinfisk, og kan verte over 2,3 tonn tung. Den held til i tropiske farvatn, og er ikkje særleg vanleg langs kysten vår. Elisabeth Karlsson fortel at ho og familien vart særs overraska då dei fann ut kva det var dei såg.

– Vi trudde først det var hovudet til ein sel, men då vi kom nærare såg mannen min at det var ein månefisk, fortel ho til Sunnmørsposten.

På tur med familien

Det var rett utføre Ramstaddalen i Sykkylven kommune dei såg fisken.

– Vi var på veg heim frå overnatting i Stordalen. Det var ein fin dorgetur, der ein beveg seg sakte så ein får med seg mykje av det som skjer rundt, fortel Karlsson.

Ho syns det såg ut som fisken tok livet ganske med ro.

– Den låg der og duppa, kanskje for å få varme frå sola. Den dykka ned då vi kom for nære, men kom raskt opp igjen då vi fjerna oss litt, seier ho.

(saka held fram under)

Meir og meir vanleg

Rune Veiseth er kurator hos Atlanterhavsparken. Han fortel at månefisk har vorte meir vanleg i norske farvatn.

– Det er ikkje så uvanleg at dei kjem hit om sommaren og hausten då overflatetemperaturen i vatnet er høgare enn normalt, seier han.

Han fortel òg at månefisken er ganske dårlege symjarar.

– Dei vert ofte kalla «verdas største plankton», fordi dei ofte lett mister kursen og blir med havstraumane, seier han og legg til at han trur denne fisken har vorte med ein nordgåande straum for å ha kome hit.

Akvarist: Rune Veiseth hos Atlanterhavsparken seier månefisken ser fin ut, men at han trur den vil slite ut mot hausten. – Dei klarer ikkje ta til seg næring når temperaturen i vatnet er under 16°C, fortel han. Foto: Roger Engvik

Vanskeleg om hausten

Veiseth fortel vidare at han trur fisken vil klare seg sånn nokolunde nett no, men at den kjem til å slite meir når hausten kjem.

– Månefiskar klarar ikkje å ta til seg næring om temperaturen i vatnet er under 16° Celsius. Den klarer seg i kortare periodar i kaldare vatn, men klarar ikkje ete, seier han.

Ifølgje Store Norske Leksikon, er det oftast yngre månefisk som kjem i norske farvatn. Sidan 1800 og fram til no har det vorte observert over 2000 individ i norske farvatn, og meir en fem årleg sidan 2000. Det er venta at dei skal verte meir vanlege ettersom temperaturen i havet aukar.

Stor månefisk fotografert utenfor California i USA. Foto: NTB scanpix