Ikkje sidan romjulsorkanen Dagmar raserte Vestkapphuset, har det vore drift her. No står huset klart, i ny drakt.

Eigaren av huset og tomta er Kvernevik Holding AS, mens Kristina Myrseth, gjennom driftsselskapet Storm på Stad, skal stå for drifta. Ho gler seg til å ta fatt.

Ho er utdanna kokk, og tok fagbrev for 10 år sidan.

– Sidan har eg jobba både som kokk, kjøkkensjef og dagleg leiar i større bedrifter i Stavanger og Bergen. No er eg klar til å drive min eigen stad.

– Vi har store planar, men tek eitt skritt av gongen, seier Kristina.

Tre damer

Vestkapphuset, 496 meter over havet og ein halvtimes biltur frå Selje, har plass til 40 gjestar.

– Her kan du få både lunsj og middag, og vi legg opp til tradisjonsrik mat med ein moderne vri. Her skal det bli ei god matoppleving i tillegg til naturopplevinga, fortel Kristina, som har sikra seg god hjelp før nyopninga.

– Vi er tre damer som no har flytta heim til Selje. Systera mi, Rebekka Myrseth, har ein bachelor i økonomi og blir dagleg leiar frå oktober. Tone Røyset som no bur i Trondheim blir kjøkkensjef, fortel Kristina.

Turistinfo

Vestkapp er ein uslepen diamant med ei spektakulær utsikt og mange moglegheiter. Behovet for turistinformasjon er stort, meiner ho.

– Vi håper på å bli sertifisert som turistinformasjon via Visit Nordfjord – men dette er ikkje på plass enno, fortel Myrseth.

Kristine Leknesund Myrset (30) skal drive Vestkapphuset, gjennom selskapet Storm på Stad AS. Foto: Privat