Jordbruksareal må drivast, heiter det i Jordlova. Men blir lova følgd?

– At jorda ikkje blir drive er ikkje eit stort problem hos oss, seier Helga Færøy. Ho er landbrukssjef for Ålesund, Sula, Skodje, Ørskog og Stordal.

Hovudutfordringa er kravet til grunneigar om minst ti års utleigeavtale.

Minst ti års leigeavtale

Saka er blitt svært aktuell i sommar etter at store delar av Sør-Norge er tørkeramma.

Å følgje opp driveplikta er eit arbeid som Færøy har ansvar for på vegner av dei fem kommunane. Det er også mogleg å søke om fritak – midlertidig eller for all tid – om arealet ligg svært bratt til eller ikkje er drivverdig av andre grunnar.

Kan kome tvangstiltak i år

– I ytste konsekvens melder vi grunneigarar inn til fylkesmannen, som kan gje pålegg og følgje opp med sanksjonar, seier Færøy.

Å jobbe med dette tar mykje tid.

– Det er hundrevis av grunneigarar. Alle skal sikrast ei god og lik behandling. Som oftast endar det med ei god løysing.

Ho nemner mellom anna Ellingsøy i Ålesund.

Helga Færøy er landbrukssjef i Ålesund, Sula, Skodje, Ørskog og Stordal. Arkivfoto Foto: Frode Kleiveland