Sykkylven kommune seier seg samd med fylkesmannen i Møre og Romsdal, om at oppmodinga Therese Utgård fekk om å finne lege ein annan stad enn heimkommunen – «ikkje gir grunnlag for den tillit og tryggleik ein har krav på som pasient».

– Jobbar så raskt vi kan

Kommunalsjef Eli Otterlei påpeiker i eit brev til Utgård at alle har rett til å «bli møtt med respekt, empati og verdigheit» og at ho vil ta opp saka med fastlegane. Grunna ferieavvikling hos fastlegane, vil dette først skje i slutten av august.

– Eg har uttrykt til innbyggjaren det gjeld at eg skjønar at det er ein belastande situasjon, og vi jobbar så raskt vi kan for å finne ei god løysing. Det er uheldig at det dreg ut i tid, men det er praktiske årsaker til det, seier Otterlei, og påpeiker at Utgård framleis har rett til å gå til fastlege i Sykkylven.

Takst-striden

Når det gjeld striden om betaling etter takst 8, seier kommunalsjefen at konklusjonen etter ei ny runde med Helfo, framleis er at den ikkje kan nyttast ved elektroniske sendingar.

– Om dette er praksis, så må det endrast.

Vil halde svaret hemmeleg

Kommunalsjefen sende torsdag eit brev til legane i Sykkylven, men det vil Otterlei halde hemmeleg til etter eit møte i slutten av august. Kommunalsjefen viser til paragraf 13 i forvaltningslova og offentleglova. Begge dreiar seg om opplysingar som er underlagt teieplikt. Sunnmørsposten har spurt kommunalsjefen om kva for opplysningar dette gjeldt, og bedt om innsyn i brevet.

– Stor interesse

Therese Utgård opplever at ho har fått god støtte frå kommunen.

– Eg synest det er ei lette at kommunen svarar offentleg på dette. Mange har spurd meg om saka og korleis kommunen ser på dette, og sidan det er det einaste legesenteret i Sykkylven, meiner eg det er av interesse – ikkje berre kva legane gjer, men også korleis kommunen handterer saka, seier Utgård.

Sunnmørsposten onsdag 27. juni. Legane ved Sykkylven legesenter har avvist at ein klage frå Therese Utgård var årsaka til at ho kort tid etter, vart oppmoda om å skifte legesenter. Foto: Faksimile