– Eg dreiv konvensjonelt jordbruk frå 1972 fram til midten av 90-talet. Då kom eg til eit punkt der eg kjende at eg hadde brukt nok gift. Eg synest mat skal produserast utan sprøytemiddel og utan gift. Eg vil samarbeide med naturen, ikkje slåst mot den. Eg kunne nok tent meir pengar og arbeida mindre, men ein vel sjølv kva liv ein vil leve, seier Velle.

På Jogarden driv dei etter økologiske prinsipp, og dyra går mest mogleg ute på beite. Dei brukar minst mogleg antibiotika og kyrne et mykje grovfôr. Dyra blir ikkje slakta før dei har levd fleire år, og medan mjølka dei produserer går til Tine, blir ein del av kjøtet seld som lokalmat kvar fjortande dag på parkeringsplassen til Felleskjøpet i Ålesund.

For fem år sidan overlét Petter Velle garden til sonen Ole Andre, men han har framleis ein finger med i drifta av garden. Og han er ein av initiativtakarane til Reko-ringen Ålesund.

Reko-modellen, som står for rettferdig konsum, blei starta opp i Finland i 2013, etter inspirasjon frå ein tilsvarande modell frå Frankrike. I Norge er rekoringane ein del av Norsk bonde- og småbrukarlag sitt prosjekt Matnyttig, og er ein distribusjonskanal som skal gjere det enkelt og effektivt å selje varer lokalt direkte til kundane. Salet går føre seg gjennom bestillingar på Facebook og utlevering på gitte dagar.

– Her tek ein bort mellomleddet som er forhandlarane, slik går alle pengane til bonden som produserer maten. Vi som er småskalaprodusentar klarar uansett ikkje å produsere nok til at vi får plass i butikkhyllene. Dette handlar om å finne ein effektiv måte å distribuere varene våre på, seier Velle, som medgir at kjøtvarene dei sel er dyrare enn i butikk.

– Vi tek litt meir, men kan heller ikkje ta så mykje at folk ikkje vil kjøpe. Forbrukarane har i årevis blitt opplært gjennom reklame til å berre tenke pris, pris og pris. Men no ser vi ein trend om at det å handle lokalt, vite kvar maten kjem frå og tenke kvalitet blir meir og meir viktig for folk, seier Velle.

Jogarden slaktar om lag sju eller åtte dyr i året som vert seld som lokalmat.

– Men vi har god tilgang på dyr og kunne tenke oss å produsere enda meir. Potensialet er stort, men hovudproblemet er å nå ut til kundane. I Ålesund er det 2.600 som er på Facebook-sida vår, men vi leitar også etter andre distribusjonskanalar, seier Velle.

Kjøtvarene dei sel produserer dei sjølve i produksjonslokala til matfag-lina på Stranda vgs.

– Tindeburgaren, filetane og kjøtdeig er dei mest populære produkta, men sjølv set eg mest pris på entrecoten, og det gjer kona mi òg – og ho plar å gje meg streng beskjed om å ikkje selje all entrecoten, humrar Velle.

Ei aning idealisme

På Furset i Stranda driv Roger Furset og Jan Håkon Vikane Haavardgarden, òg etter økologiske prinsipp.

– Her har vi squash, kepaløk, raudløk, sjalottløk, graskar, raudbetar, purre, selleri og kålvekstar, seier Vikane der han står framfor ein åker. Like nedanfor ligg ein potetåker med 19 forskjellige sortar potet med forskjellig smak, konsistens og utsjånad. Like bak ligg eit veksthus fullt av forskjellige typar tomat, nokre grøne og modne, andre grøne og umodne – og minst ein raud type, ein munnfull stor, som smakar som varme og søte sommardagar.

Dei har òg eit drivhus til å ale fram vekstar tidleg på året, nokre biekubar, ein hage full av urter av forskjellig slag, høner som legg brune, turkise eller grøne egg, og ein liten flokk med gammalnorsk spælsau, som denne dagen har gøymt seg inne i skogen ovanfor våningshuset.

– Sist utlevering var første gongen vi leverte gjennom rekoringen, og sidan få satsa på småskalaproduksjon av grønsaker her i området, såg vi at det låg eit potensial i å tilby ureiste eller kortreiste grønsaker, seier Vikane, som òg er høgskulelektor i biologi på Høgskulen i Volda.

– Vi er ikkje økologisk sertifiserte, for det er ein papirprosess som kostar litt, men vi trur at kundane stoler på oss, og vi vil levere ein kvalitet som vi kan gå god for. Det finst mange studiar om økologisk kontra konvensjonelt jordbruk. Plantar som får utvikle seg naturleg, utan bruk av sprøytemiddel, blir utsette for angrep frå forskjellige insekt og produsera ulike kjemiske stoff som eit forsvar mot dette, mange av desse kjemiske stoffa gjer godt for oss òg.

Eg meiner at vekstar som får utvikle seg i sitt eige tempo, utan bruk av kunstgjødsel, og som veks i levande jord utviklar ein rikare smak og har eit høgare vitamin og mineralinnhald, seier biologen.

I tillegg til grønsaker av ymse slag, så sel dei òg egg, og på sikt kan det bli aktuelt med honning, kjøtvarer og skinn frå sauene.

– Vi prøvar oss litt fram no for å sjå kva som er mogeleg, men dette er like mykje ein livsstil som ein business. Vi har eit engasjement rundt dette og ureist mat, seier Furset.

Vekstane er planta med mellomrom i tid, slik at dei alltid skal ha noko som kan haustast når det er sesong. Dei har ein krinsløpstenking der biene står for pollinering, bladavfall blir til mat til hønene som produserer gjødsel. Det dei ikkje et blir til kompost.

Bak småskalaproduksjonen er det likevel ikkje til å nekte for at det ligg ein del arbeid.

– I grønsaksfeltet brukar me nok rundt 16–20 timar i veka, men det er ein type arbeid eg trivst godt med, seier Vikane.

Ansvar for å produsere

Arnstein Sæthre har ei 70 prosent stilling i Stordal kyrkjelege fellesråd. Mykje av den resterande tida brukar han til å arbeide på småbruket på Skodje.

– Eg meiner vi som har litt jord har eit ansvar for å produsere mat. Til no har eg berre seld ein liten produksjon av tidlegpoteter og jordskokk gjennom rekoringen, fortel han der han står i åkeren og riv i grøne stenger med blar for å sjekke om kerrs pinken under jordskorpa begynner å bli moden. Han blir positivt overraska over det han finn.

– Her er det nok allereie 500 kilo under jorda. Om eg skal selje dei allereie no så må eg ta ein høgare kilopris, for desse vil berre vekse seg større framover, seier Sæthre, og legg til at økologisk kerss pink-potet er ein sjeldanheit, for den er svært utsett for tørròte, noko som sommarens tørke har forhindra.

I åkeren rundt seg har han mellom anna pastinakk, kålrot, squash, gulrot og ei rad med blomster.

– Ein må no ha noko fint å sjå på, smiler han.

Eit apropos.

– Eg har høyrt at i Thailand et dei squashblomsteren òg, så om nokon vil ha den så må dei berre seie ifrå, ler Sæthre.

På ein flekk like ved har han for moro planta ut ein gammal variant av kveite, og ikkje langt unna kan vi høyre hønene klukke. På fjellet har han ein liten flokk gammalnorsk spælsau, to kvige går i utmarka, medan ni kyllingar veks opp i løa

Han ser for seg å prøve å produsere meir mat om det er marknad for det, og leikar seg med tanken om speke og tørke sauekjøt for å selje.

– Eg har vurdert å delta på Bondens marknad, men der må ein ha store mengder å selje. Til rekoringen så går eg berre i åkeren same dagen som det er levering og grev opp akkurat den mengda eg har fått bestilling på. Meir dagsfersk enn det blir det ikkje, seier han lunt.

Berre som hobby

– 250 kubar er eit årsverk. Eg har berre fire, men håpar å ha seks når vinteren set inn, seier Geirmund Oltedal.

Om enn det framleis er ei beskjeden mengd kubar, så har han likevel fleire hundretusenar med husdyr.

– Dette er berre ein hobby for meg, men eg ser for meg å utvide til fleire kubar framover mot pensjonsalderen. Dessutan er det senilitetsførebyggande. Det er viktig å ha noko å drive på med, bruke dei små grå og lære noko nytt. Og ein birøktar har alltid meir å lære, seier Oltedal.

Årsaka til han starta med bier var ein fascinasjon for biesamfunna, noko som er i tida og som mange har fått auga opp for, og i at han sjølv er ein søtmons.

– For nokre år sidan var mange skeptiske til birøkting, men no har folk fått ein positiv oppfatning av det. Det heng nok saman med fokus på at dei pollinerande insekta er under press og at folk er meir miljømedvitne.

Oltedal er nøgd om han får 20 kilo honning ut av kvar av kubane. Honningen blir til gåver til venner og familie, og ikkje minst et han av det sjølv. Det som blir til overs, sel han.

– Eg tek 100 kroner for eit glas på 250 gram gjennom rekoringen. Det fungerer greitt, og det er sjølvsagt attraktivt å sitte igjen med heile summen sjølv, seier Oltedal.

Han opplev at honningen han laga blir teke godt imot og at mange er villige til å betale litt ekstra for honning som er lokalt produsert. Særleg av den som er laga heime på Vigra.

– Det er klart, patriotismen slår inn for lokale produkt. Det er fleire som kjem igjen år etter år for å kjøpe lokal honning, seier Oltedal.