Det er ikkje ofte lag frå Sunnmøre for oppleve å spele fotball mot lag frå Palestina, men G14-laget til Hareid har vore eit av dei heldige laga i årets Norway Cup. På bana var dei ikkje like heldige og tapte 1–5 for The FA of Jerusalem.

– Vi sette ikkje sjansane våre. Vi hadde like mange sjansar, og dei sat moglegheitene. Og så blei eg skada, seier Nikolas Brandal, mens trenar Sindre Breivik legg til:

– Vi fekk skade på ein sentral spelar, Nikolas, noko som påverka spelet på bana. Motstandaren hadde marginane med seg, seier Breivik.

Dommaravgjerd

Etter kampen var Breivik irritert over ein dommaravgjerd. Dommaren hadde tolka reglane feil då laget frå Palestina gjorde eit feilbytte. Kampleiaren gav korrekt gult kort, noko som skal føre til at laget må spele fem minuttar med ein mann mindre. Fløyteblåsaren lét derimot motstandaren sette inn på ein annan spelar.

– Vi ønskjer at alle dommarane skal tolke reglane likt. Eg trur ikkje spelarane vart påverka av det på banen, men det kan hatt mykje å sei på stillinga 0-2, seier Breivik.

Hareid møtte også for to år sidan eit lag frå Palestina. Dei spelte ikkje særleg rettferdig og oppførte seg ikkje bra. Dommaren stod då å grein i pausen og leiinga vart tilkalla. Tysdag var oppleving mykje betre.

– Det er litt annleis å spele mot eit lag frå Palestina. Dette laget var bra og spelte rettferdig. Eg har sett lag frå Palestina som er verre enn dette, for å sei det slik, seier Brandal.

Braksiger

Hareid er likevel vidare til A-sluttspelet etter to kanonprestasjonar i dei to første kampane. Mot Elverøy blei det 7-0, mens Lom 2 måtte sjå seg slått heile 19–1.

– Lom var eigentleg eit samansett lag av 12- og 13-åringar. Når det blir sånne resultat, blir man audmjuk, seier Breivik og legg til:

– Det som var ekstremt gøy i den kampen var at trenaren heldt oppe motet heile kampen og heia på begge lag gjennom heile oppgjeret. Det synast eg det står stor respekt av.

I første sluttspelkamp ventar Høyang frå Sogn og Fjordane.

– Om vi klarar å sette sjansane våre, trur eg vi har ein god sjanse til å vinne, seier Brandal.

– Blir du klar til kampen?

– Eg veit ikkje. Eg ska til kiropraktor no og ta ein Ibux, så blir ryggen truleg bra, avsluttar Brandal.