Hareid G14 hadde ein målforskjell på 26–1 etter to kampar:

Bråstopp mot Palestina-lag

Sjuarlaget til G14-laget frå Hareid suste gjennom dei første to gruppespelkampane, men møtte overmakta i eit lag frå Palestina.

GRUPPEFINALE: G14-laget til Hareid måtte sjå seg slått i gruppefinalen mot det palestinske laget The FA of Jerusalem på Ekebergsletta. Foto: Odd-Sølve I. Grannes. 

Nyheter

Det er ikkje ofte lag frå Sunnmøre for oppleve å spele fotball mot lag frå Palestina, men G14-laget til Hareid har vore eit av dei heldige laga i årets Norway Cup. På bana var dei ikkje like heldige og tapte 1–5 for The FA of Jerusalem.