Det er greitt at det er ferietid. Men også veteranbilfolket treng hovudbry under parasollen. Så difor går det no ut ei storstilt etterlysing med bøn om hjelp.

Det er vår gode ven Jostein Kvithaug som har rent seg fast på dette mysteriet av eit bilhistorisk skjer.

– Fotografiet er frå Brattvåg og vi trur året må vere 1953, seier Kvithaug.

– Kledebunaden til dei tre karane på benken til høgre fortel oss at det er helg. Dress, kvitskjorte og slips var nemleg obligatorisk søndag ettermiddag, legg Jostein til.

Hydraulik

Karane jobba alle som ein på Hydraulik: Frå venstre og bortover sit Konrad Davik, Reidar Ryste og Alf Harnes. Småjenta som vi så vidt skimtar er Mia Davik.

– Dei er utafor Haugstad-bygget som Hydraulik sette opp ikkje lenge etter krigen. I kjellarhøgda der var det kafé. Vidare oppover var det leigebustader, fortel vår heimelsmann.

Hovudmotivet er likevel denne svært så stilige bilen.

– Den hadde altså ein V8-motor med heile 85 hestekrefter. Litt av ei kjerre, altså, peikar Jostein på.

Ivar Fredriksen eigde bilen ei lita rid. Vi ser han her i svigermorsetet atterst. I forsetet sit dottera Ingrunn, gift Eide.

– Det er son hennar, André Eide, som eig bildet. Han har også teke over huset som morfar Ivar bygde på Vågshaugen inst i Brattvågen.

– Vi må seie dette var ein spesiell bil – i alle høve på våre kantar. Dei fleste som kjøpte bil på trettitalet var langt meir praktiske. Dei skulle ha plass til heile familien. Minst fem sete, kan hende ein sjusetar også, minner Kvithaug om.

Spradebassar

Ein distriktslege eller veterinær kunne kan hende vere tent med ein tosetar. Dei køyrde mest åleine.

– Eventuelt ein storskrytar og «spradebass» som hadde lyst å vise seg, filosoferer bilhistorikaren.

I dag veit ikkje etterkomarane etter Ivar noko om bilen. Fotografiet er truleg det einaste som finst av Forden. Utan høve til å lese registreringsnummer er identiteten såleis borte, til Kvithaug si store fortviling.

– Kvar kom den frå og kvar vart den av? Kan hende veit nokre bilinteresserte eitkvart. Det fanst jo ikkje så mange her i distriktet, seier Jostein Kvithaug.