Sunnmørsposten skreiv tidlegare i sommar om ein rib-båt frå 62 grader Nord som skremde sjøfuglar på Runde. Dagleg leiar Knut Trygve Flakk, beklaga den gang hendinga sterkt i Sunnmørsposten.

– Vi veit at dei reagerte internt, og har skjerpa inn rundt sin eigen aktivitet. Dei har også vore i kontakt med oss og beklaga, så slik sett aksepterer vi det, seier Alt Ottar Folkestad på vegner av Norsk ornitologisk foreining avdeling Møre og Romsdal.

Likevel reagerer han på at politiet enda ikkje har kome med ein reaksjon i saka.

– Politiet har ikkje gjort noko spesielt i denne saka. Dei har hatt nokre avhøyr og skal ha nokon fleire, men signaliserer samstundes at det er problem med å reagere i det hele tatt, meiner Folkestad.

Han synst det er vanskeleg å forstå at ikkje noko er blitt gjort.

Under etterforsking

Saka er blitt overført til Økokrim-gruppa i Møre og Romsdal politidistrikt. Der er Evy Meisingseth etterforskar, og midlertidig leiar på grunn av ferieavvikling.

Fleire forstyrringar

Folkestad fortel også at det skal ha vore eit nytt tilfelle med rib-køyring ved fuglefjellet denne veka. Det skal finnast bilete av hendinga, men det har ikkje lykkast Sunnmørsposten å få tak i desse.

Denne gongen er det ikkje snakk om ein båt frå 62 grader Nord. Samstundes har det også vore fleire tilfelle med vasscooter-køyring den siste veka.

Fare: Ingar Støyle Bringsvor tok dette biletet 19. juli, og reagerer på at folk både forstyrrar fuglane, og trugar livet deira med omsynslaus køyring. Saka vil bli meldt til politiet.

Ingar Støyle Bringsvor som overvakar sjøfugl på Runde for Norsk ornitologisk foreining var sjølv vitne til eit tilfelle 19. juli.

– Desse vasscooterane køyrde at og fram rett nedanfor Rundebranden i stor fart. I dette området brukar det å ligge fleire hundretals med alkefugl, fortel han og anslår at dei heldt ei fart på 70–80 kilometer i timen.

– Det som er problematisk er både sjølve forstyrringa, men også den direkte fara for å ta liv, seier han.

Folkestad fortel at dei også vil melde desse hendingane til politiet.