Utsikta frå det vestlegaste punktet på det norske fastlandet er fantastisk.

Midt på platået, nokre meter frå den karakteristiske vêrstasjonen, ligg det nyrestaurerte Vestkapphuset, og inne i den lyse og lekre kafeen duftar det av nytrekt kaffi og heimebakst.

– Det var Vestkapphuset eller ingenting. Dette har eg drøymt om, staden har enorme utviklingspotensiale. Er her ikkje flott? spør Kristina.

Ho tek imot i kaféen, med stor mage og strålande smil. Det er måndag etter opningshelga, kafeen er i ferd med å bli fylt opp både av turistar og lokale. Mange vil sjå korleis det nye huset er blitt, og kjem med gratulasjonar og lykkeynskjiningar til den nye drivaren.

Pangstart

Drifta av det nye Vestkapphuset fredag for ei veke sidan fekk ein pangstart. Ikkje berre var den varmaste helga på heile den fantastiske sommaren, det var måneformørking og, som folk gjerne ville sjå her frå Kjerringa.

– I løpet av helga hadde vi rundt 500 bestillingar, mens her er sitteplassar til berre 40. Vi gjekk tom for mat, og ute stod det ein lang kø av folk som ikkje fekk plass. Vi serverte så mange vi kunne, og fann fram wraps og kakestykke, fortel Kristina.

10 minutt før opninga fredag oppdaga Kristina at det ikkje var vatten i toaletta.

– Det viste seg at det var eit vassrøyr under asfalten som hadde sprekt, og eg trygla røyrleggjaren som eigentleg hadde byrja på ferien sin om å kome. Det gjorde han. Så måtte vi ut og skaffe festivaltoalett, det fekk vi frå Sandane. Ting ordnar seg.

Fiskelukke: Kristina er glad i fisk, og har gjennom yrkeskarrieren lært mykje om maten i havet. Sjølvsagt blir det fisk og sjømat på menyen i Vestkapphuset.

Familien stiller opp

Heile familien stiller opp når storesyster set draumen sin ut i livet. Pappa som er kokk står på kjøkenet saman med Kristina si venninne Tone, som også er kokk og har flytta heim til Selje, og som byrja før ho skulle for å vere med på opninga. Broren Oskar, som studerer i Trondheim og er heime på ferie står bak kassa i kafeen, mora hjelper til, det same gjer besteforeldre. Og snart flytter systera Rebekka heim til Selje for å vikariere som dagleg leiar, når storesøster går ut i permisjon.

– På opningsdagen sat ei venninne av mor mi ute og steikte sveler heile dagen, fordi takka oste slik. Eg blei til slutt plassert på ein stol for å steike vaflar, då synest dei eg hadde jobba hardt nok. Det har sine fordelar å vere gravid i sjuande månad, ler Kristina.

Arbeidsjarn

Kristina er og har alltid vore eit arbeidsjarn, men no må ho passast på litt, meiner faren. Dessutan har ho storesystersyndromet, og har behov for å passe på at alle har det bra.

– Det har aldri vore noko dulling heime i oppveksten. Dei høyrde på meg når det var problem, og skjønte når ting var leit. Men så spurde dei: Kva vil du gjere med det då?

Slik lærde ho seg tidleg å finne løysingar og ikkje gi opp. Det gjer ho heller ikkje no, bekreftar vener og familie. Kristina gir seg ikkje om noko buttar i mot. Ho har stor tru på seg sjølv, men høyrer på andre. Ho er nøye og streng, men streng på den riktige måten. Kristina vil ha kvalitet og yte god service. Ting skal vere på stell. Ho er sta på godt og vondt, og litt fantete. Men snill og grei, det er ikkje noko heft med Kristina.

Ho er heil ved. Er det nokon som kan lukkast med å drive Vestkapphuset så er det henne.

Stort potensial: Stad og Vestkapphuset med den sju mål store tomta er ein uslipen diamant, meiner Kristina. Utsikta er fabelaktig, men været skiftar fort.

Gjekk på ein smell

Seljeværingen har alltid vore opptatt av mat og matlaging. Faren er kokk, og bestemora i nabohuset som såg etter ungane når foreldra hadde seinvakt på hotellet, var flink både til å lage mat og nytte lokale råvarer som frukt og bær.

16 år gamal flytta Kristina til Førde.

Ho var aldri i tvil om kva ho skulle utdanne meg til. Det blei tre år på vidaregåande, først konditor, så to år på kokk, før ho tok fagbrev på Sogndal Quality Hotell.

– Lenge hadde eg planar om allmennfagleg påbygging for å ta hotellfagskulen. Men så fekk eg tilbod om ei stilling på Grand Hotell i Egersund som eg ikkje kunne seie nei til. Berre 21 år og kjøkkensjef, det var kult.

Så fekk ho jobb som kokk på Rica Airport i Stavanger, deretter som soussjef på Rica Park, med ansvar for mat og drikke.

– Rica har ein veldig bra leiarskule, og eg lærte veldig mykje, syntest det var kjekt med ansvar.

– Men det var ei bratt læringskurve, med ansvar for kjøkken, restaurant, innkomande sal og konferansar. Det var svømmestemne kvar dag.

Når nokon spurde, svara ho berre at alt var fint, alt gjekk bra. Til smellen kom.

– Ein dag byrja eg berre å grine på jobb, eg var så sliten. Då tilsette dei to personar til, på dei same arbeidsoppgåvene. Det var visst berre å seie ifrå. Så lærte eg det og.

På Fisketorget i Stavanger jobba ho som kokk, under Karl Erik Pallesen, tidlegare medlem av kokkelandslaget og deltakar i Hellstrøms meisterkokk-konkurranse.

– Halve lokalet er fiskerestaurant, andre halva fisketorg. Eg lærde sjølvsagt mykje om fisk, men også mykje som kokk. Vi hadde fritt spelerom ut ifrå dagens råvarer. Det er frigjerande når du alltid har måtta tatt omsyn til økonomi og budsjett.

Seinare tok Kristina over som dagleg leiar på Stordalen Fjellstove utanfor Bergen, nok ei ny erfaring. I februar sa ho opp jobben, selde bustaden i Bergen og flytta til Selje.

God start: Fredag for ei veke sidan var det opning i nye Vestkapphuset, med sitteplassar til 40. Berre opningshelga var her 500 gjestar. Sidan har det gått i eitt.

Tøff utfordring

Ikkje sidan romjulsorkanen Dagmar raserte det kjende landemerket i 2011 har Vestkapphuset vore i bruk.

I dag er det Kvernevik Holding som eig huset og tomta, medan Kristina gjennom driftsselskapet Storm på Stad skal drive det. No eig dei også nabotomta, til saman sju mål.

– Planen er å kjøpe staden, ikkje berre leige. Men vi tek eit år av gongen for å sjå korleis det går, seier Kristina, som etter september vil prøve heilårsdrift med helge- opent for drop in, og i vekedagane opent for møte og selskap etter avtale.

Ho meiner Vestkapp er ein uslipen diamant, med ei spektakulær utsikt og mange moglegheiter.

– Eg ser for meg overnattingslokale i modular, profilbygg bygd inn i terrenget, nytt toalettanlegg med panoramautsikt frå dass, visningsrom for Stad skipstunnel og lokale til møter, slektstreff og bryllaup, møtepakker til bedrifter, Stad naturguiding og turar til Fosnavåg som berre ligg ein halvtime unna med ribbåt.

Behovet for turistinformasjon er stort, meiner ho. No jobbar Storm på Stad for å bli sertifisert som turistinformasjon via Visit Nordfjord.

Tøffe utfordringar

Det har ikkje mangla på innvendingar til det dristige prosjektet. Været er hardt, med mykje tåke, og vegen opp er smal, kronglete og mildt sagt dårleg.

– Vegen er kommunal. Den er dei nøydde til å gjere noko med. Dei har jo sagt dei vil satse på turisme, seier Kristina og smiler lurt.

– Vestkapphuset har ikkje vore lett å drive opp igjennom åra. Kva har du som gjer at du tør satse her?

– Trua på at eg skal få det til. Eg har god sjølvtillit. Men den er komen med år og erfaring. Med dei jobbane eg har hatt, både som kokk, kjøkkensjef og dagleg leiar føler eg at eg har den fagkompetansen og erfaringa som skal til no.

Dårleg samvit

Då ho tok over stod sjølve bygget ferdig, mens Kristina og dei gode hjelparane har stått for interiøret. Sambuaren har stått på som berre det, og blant mykje anna snikra delar av inventaret.

Dei to har vore gode vener sidan skuletida heime i Selje, men blei ikkje kjærastar før dei begge budde i Bergen. No har sambuaren byrja i ny jobb som maskinist og dykkar på Redningsskøyta i Måløy, er fire veker ute og like lenge heime.

– Tor Kristian er fantastisk, og han har vore utruleg til å stille opp, seier Kristina og blir blank i auga.

– No har eg dårleg samvit for å ha vore for streng og perfeksjonistisk, du kan sjølvsagt ikkje stille same krav til vener og familie som stiller opp på dugnad som du gjer til medarbeidarar på jobb. Eg har vore litt stressa i det siste.

Gler seg til å bli mamma

Men for det meste har det vore godt stress.

– Det siste halvåret har vore fantastisk. Vi har prøvd å få barn dei siste to åra, vi testa oss og fekk beskjed om at alt var i orden, vi måtte berre ta tida til hjelp. Men det har vore tungt å gå og ikkje vite. Både når det gjaldt barn og om eg ville finne noko meiningsfylt å jobbe mykje med.

– Det er så tilfredsstillande å skape noko sjølv, skape arbeidsplassar for andre. Det er ikkje flust av det her heime. Men då må ein gjere noko med det, ikkje berre syte over manglande moglegheiter, meiner Kristina.

20. oktober er terminen. Ho kjem til å jobbe ut september. Då kjem systera og tek over. Den humpete vegen opp til kafeen er ikkje å anbefale for høggravide.

– Så kjem eg til å ta meg heilt fri etter fødselen. I alle fall ein månad. Etter det er det mange ting eg kan gjere som ikkje er så tungt. Eg kan jo ikkje halde meg heilt vekk.

– Kva gler du deg mest til akkurat no?

– Å vere mamma. Men først skal eg kvile. Sove, sjå på seriar og ete chips, seier Kristina og smiler salig.