Mellom pledd, keramikk, kjøleskapmagnetar og Ivar-truser i tunet finn vi også ei heilt ny, tjukk bok: Aasen-bibliografien vart lansert i går, etter gratis kakefest.

Ottar Grepstad har delt verket i tre bolkar: Lista med Aasen sine eigne publiserte skrifter er forfattaren heilt sikker på framstår komplett. Så er det brev og manuskript. «Relativt komplett» seier Grepstad her, medan han er heilt sikker på at skriftene OM Aasen ikkje er komplett.

– Eg veit om ting allereie som burde vore med. Når alt er digitalisert i denne verda og folk gidd søkje: Lukke til. Det blir ikkje meg. Men no er materialet så stort og representativt at ein kan danne seg andre bilde. Den mest omtala boka hans målt i talet avisoppslag var Norsk namnebok, noko av det siste han gav ut. Eit populært emne. Kva skal barne heite?

Han ser føre seg at bibliografien vert mest nytta faglitterært av forskarar og bibliotekarar. Reknar ikkje med å gjere det skarpt oppunder juletreet.

Under eit besøk hjå bibliotekar Ellen E. Nicolaysen på Universitetsbiblioteket vart Grepstad var eit staseleg møbel. Det synte seg å vere Anton Aure sitt sirlege kartotek. Det stod mest på stas, men inneheldt fleire godbitar både om Vinje og Aasen.

Nicolaysen fortalde om denne fræningen som sytte for den fyrste Norsk Boksamling - norsk som i Aasen sitt språk.

Læraren vart ikkje meir enn førti år, men rakk å gjere eit kulturhistorisk storverk.

Samlinga inneheld nær sagt alle slags trykk der norsk vart nytta, endåtil pamflettar og rutetabellar.

Aure etablerte også tidskriftet Ung Norig, ettersom han tykte det var viktig å nå dei oppveksande slektene. Han var folkeleg i stilen. Samlinga dokumenterer til fulle at Aasen sitt skriftspråk levde midt i alt det danske.

Anton Aure tok i bruk «crowd funding» allereie på 1800-talet: Han fekk folk til å betale forskot for å finansiere trykking.

I kartotekskapet fann Ottar Grepstad ein referansen til nokre avisartiklar som skildrar Ole L. Olsen sitt møte med Risør etter brannen - og ein viss NN frå Kristiania. Ivar Aasen, skulle det kjapt vise seg.

Olsen gjev det som er ei av svært få augevitneskildringar av Aasen på jobb. Han var ein luring, kjapt på land frå båten for å sikre seg god innkvartering. Og han lytta på nokre kjeklande kjerringar etter interessante ord.

Grepstad meiner også å kunne avdekkje det han kallar Ivar Aasen si sjelereise: Turen til Risør og Dybvåg gjekk til presten Johan Peter Berg. Gift med systra til Susanna Daae frå Solnør.

– Susanna var Ivar sin store kjærleik. Henne han ikkje kunne få. Ho døydde i Dybvåg nokre få år tidlegare.

Med bibliografien ferdig og sluttdatoen i boks, lurer vi på kva Grepstad skal ta seg til.

– Ingenting. Har ikkje planlagt noko, anna enn fram til 1. november. Men eg vil ikkje springje etter kalendaren meir. I februar skal eg til Ski-VM i Seefeld. Den veka er det frist for statstilskott. Og eg skal ikkje skrive nokon søknad for 2019, seier Grepstad og skrattar godt.

Ellen E. Nicolaysen ved Universitetsbiblioteket fortalde om Anton Saure. Foto: Bjørn Halvorsen
Ny bok: Ottar Grepstad Foto: Bjørn Halvorsen