– Det blir lanseringsfest av ølet vårt førstkomande laurdag, fortel Jan André Marin Møst, ein av dei tre mennene bak MMS Bryggeri på Harøya.

Dei to andre bryggarane er Stein Inge Skogen og Peder Møst.

– Randy Jensen frå Molo var ein av dommarane som bedømte ølet vårt. Han likte det så godt at han spurte om vi var interesserte i å brygge ølet vårt hos Molo. Det var vi, og dei første 500 literane er brygga ferdig, og vi har fått vår eigen tappekrane, seier Møst.

Han forklarer at ølet deira heiter Lost in Woods, og er eit amerikansk pale ale-øl som er både lettdrikkeleg og fruktig – basert på amerikansk humle.