Stortinget har vedtatt at alle skip skal gå utslippsfritt inn i fjordarmar som er verna som verdsarvområde. Sidan cruiseskip i dag går på tungolje, i beste fall marin diesel, inneber dette eit radikalt teknologiskifte. Vedtaket trer i kraft så snart det er teknisk mogeleg, eller seinast innan 2026.

I Sunnmørsposten på laurdag sa hamnefogd i Ålesund, Ole Christian Fiskaa, at han såg for seg to mogelege scenario for turistnæringa på Sunnmøre:

Anten at cruiseturistar blir bussa inn frå Ålesund til Geiranger, eller at færre av desse turistane ønsker å kome.

Teknologiansvarleg Marius Gjerset i miljøstiftinga Zero, ser derimot føre seg noko heilt anna enn Fiskaa.

Hjartesak: Marius Gjerset jobbar i ein organisasjon som frontar utsleppsfri skipsfart. Foto: Zero

Batteri, hydrogen og lekterar

– Dei nye kystruteskipa til Per Sævik og Havila får batteriløysingar. Eg håpar Hurtigruten vil gjere det same når dei no bygger om skip til lågare utslepp, seier Gjerset.

«Vi skal vere klare til å segle utslippsfritt innan 2021» uttalte Sævik 3. mai.

Gjerset peikar også på det heilelektriske Future of The fjords-skipet i Nærøyfjorden med plass til 400 passasjerar. I staden for busstransport, er det naturleg at cruiseturistane også i Geiranger får utslippsfrie båtturar inn i verdsarvområdet, meiner Gjerset.

Ordføraren i Stranda fryktar busskaos som følge av stortingskrav om utsleppsfrie verdsarvfjordar

Eventuelt ser Zero for seg at kraftige lekterar kan slepe cruisebåtane inn fjordane og levere straum til skipa.

Hamnefogd Fiskaa sa til Sunnmørsposten at større cruisebåtar med nullutslepp er urealistisk i overskodeleg framtid.

– Det er feil, svarar Gjerset.

– Hydrogenløysingar med stor kapasitet vil kome. Skipsfarta har til no blitt møtt med få miljøkrav. Når det ikkje blir stilt krav, skjer det lite.

Visar til californiske krav

Han peikar på eit døme frå USA der politiske krav gav resultat:

– Då California vedtok at skip frå 2014 måtte bruke landsstraum ved kai, tilpassa reiarlaga seg.

Gjerset trur ikkje at stortingsvedtaket er av den symbolske sorten som blir forandra og svekka før det kjem til faktisk handling.

– Nei, kjem til å bli gjennomført, for Stortinget var samrøystes for. No er det opp til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) å ta prosessen vidare.

– Må ikkje vri konkurransen

«Det er positivt at det blir gjeve tid til omstilling slik at cruisenæringa og operatørar av turistruter får tid til å tilpasse seg dei nye krava».

Hamnesjef: Rita Berstad Meraak i Stranda hamnevesen. Foto: Staale Wattø

Det skriv hamnesjef Rita Bertad Meraak i Stranda kommune, som i utgangspunktet ser på rein natur og grøne fjordar er det viktigaste konkurransefortrinnet dei har.

«Samstundes er det viktig at reguleringane som blir foreslått er fornuftige, og ikkje fungerer konkurransevridande», legg ho til.

Rapport regnar med milliontap

Menon Economics har laga ein rapport med namnet «Samfunnsøkonomisk analyse av konskevensane av miljøkrav til fartøy i verdensarvfjordene». «(...) flere aktører har gitt innspill om at det er lite sannsynlig at noen vil velge å gjøre større ombygninger på skip eller motor for å tilpasse seg enkeltdestinasjoner», står det skrive i rapporten.

Dette vart skrive før stortingsvedtaket om utslippsfrie verdsarvfjordar. Rapporten tar for seg et forslag frå i fjor om krav til reinsing av NOx, som er eit lokalt forureiningsproblem. Menon kom fram til at miljøkrav kan koste reiselivet i verdsarvområda store beløp:

«Vi forventer at tiltaket utløser at en andel av cruiseskipene velger å ikke lenger komme til Norge, og at færre cruiseturister derfor besøker Norge. Dette tapet er beregnet til en nåverdi på 250 millioner kroner. (...) Menon ser føre seg auka aktivitet i andre lokale fjordperler, som følge av restrikasjonar i Geiranger- og Nærøyfjorden.

«Blant annet destinasjonene Olden/Loen, Skjolden og Åndalsnes fremstår som aktuelle alternativer.»