Måndag føremiddag meldast det om eit steinras ved Heggura i Tafjorden.  Raset skal ha gått i rundt kvart over ni. Ifølgje ein tipsar skal det ha gått nok eit ras same staden i 16-tida.

NVE fortel til Sunnmørsposten at dei har fått tips om steinskredet, men at det er like utanfor områda dei overvaker i Tafjorden.

– Så det er ingen registreringar på våre instrument, seier geolog Gudrun Majala i NVE. Ho er kjent med området som raset skal ha gått i.

– Det er bratte fjellsider i området, og det ligg ein bratt skrent nokså høgt oppe i fjellet, på cirka 500-metershøgde. Det har vore fleire skred der tidlegare, og kjem til å vere det igjen, seier ho og legg til at NVE kjem til å fly over for å sjå rasstaden neste gang dei skal ut for å vedlikehalde ved Hegguraksla.

Ein tipsar fortel til Sunnmørsposten at det braka godt då raset gjekk, like ved Fjørå i Norddal.

- Det er vanleg med ras her, men dette var eit stort ett. Det låg ei støvsky på fjorden lenge etterpå, fortel ein tipsar og legg til at det alltid er litt skummelt med ras i nærleiken av det overvåka området.

Natt til 7. april i 1934 forårsaka nemleg eit stort skred ei flodbølge i Tafjorden. Bebyggelsen i Tafjorden og Fjørå blei rasert, og 41 mennesker omkom.