Tryggestad seier at det «skulle blott berre mangle» at Stranda som verdsarvkommune tar miljøansvar. Samstundes er han opptatt av at heile Vestlandet må vere med å stille miljøkrav, inkludert Norges tredje største cruisehamn, Ålesund.

I Sunnmørsposten på laurdag sa hamnefogd i Ålesund, Ole Christian Fiskaa, at han såg for seg to mogelege scenario for turistnæringa på Sunnmøre:

Anten at cruiseturistar blir bussa inn frå Ålesund til Geiranger, eller at færre av desse turistane ønsker å kome.

– Med krav berre i verdsarvfjordane kan vi få ei forflytting til omkringliggande område, men det var vel ikkje det som var poenget med miljøkrava, spør Tryggestad retorisk.

Han fryktar eksplosjon i bussturismen.

– Det kjem fleire turistar generelt og asiatane har oppdaga Norge.

Å få dei som i dag kjem med cruiseskip inn med buss, har ikkje vesle Geiranger med 200 fastbuande infrastruktur til.

Politisk talent: Gruppeleiar for Stranda Venstre er 21-åringen Amalie Ringdal Birkhol. Ho er einaste representant for partiet i Stranda kommunestyret. Foto: Privat

–Verdsarvstatus forpliktar

Det er no opp til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) å gjennomføre Stortingsvedtaket.

– Det må han gjere, helst så snart som mogeleg, seier gruppeleiar for Stranda Venstre, Amalie Ringdal Birkhol.

– Samstundes må cruisenæringa få tid til å utvikle teknologien, og det får dei, legg ho til.

Politikaren deler ikkje ordføraren sin frykt for framtidig busskaos.

– Turistane kjem for å oppleve fjordane. Då er det naturleg at dei heller vil segle inn enn å bli bussa.

Fekk kritikk: Turistnæringa på Nordvestlandet måtte tole lite flatterande medieoppslag om Geiranger i rikspressa sommaren 2017. Kritikken nådde sitt zenit då ein oppgitt britisk turist skreiv brev til dåverande klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H). Briten spurte om korleis Helgesen kunne tillate skip å forureine verdsarvområdet. Foto: Marius Simensen

Stranda Venstre har forståing for at stortingsvedtaket gjeld verdsarvfjordane, og ikkje alle fjordar i landet.

Les meiningsytring frå Birkhol om klimaansvar

– Å ha verdsarvstatus forpliktar. Det er på stader som Geiranger forureiningsproblema er mest akutt, fordi det er hit flest turistar kjem.

Les om den britiske turisten som klaga til miljøministaren

Havila er ein joker

Er grøn skipsfart innanfor rekkeviddet? Miljøstiftinga Zero ser føre seg at elektriske båtar, som «Future of The Fjords», bygga av Brødrene Aa, kan frakte cruiseturistar inn. Båten har plass til 400 passasjerar og er i drift i Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane. Zero meiner også at cruiseskip kan få hydrogentankar, eller at utsleppsfrie lekterar kan slepe skip inn.

Tryggestad trur at ein del cruiseturistar kan kome inn til Geiranger i miljøvennlege båtar, men ikkje i same som volum som ein ser i dag.

– Dei skipa som skal operere i Geiranger dei neste åra er allereie bygga, eller under bygging, utan utsleppsfri teknologi.

Ordføraren legg til at cruiseturisme på den måten Zero ser føre seg, vil krevje kraftig logistikk for Geiranger sin del.

Håpet til Tryggestad er få cruiseturisme også i vinterhalvåret. Det vi i så fall gi mindre lokalforureining per dag, fordi ein får spreidd turismen utover, og auke verdiskapinga.

– Her vil dei nye ekspedisjonsskipa frå Havila bli interessante.

Dei blir bygga som hybridar

som kan veksle mellom å gå på gass, og utsleppsfritt og elektrisk inn i fjordane.