– Det har så absolutt gitt meirsmak, og hadde eg fått jobb i COWI etter enda skulegang, hadde det vore optimalt, fortel Salen til Sunnmørsposten.

Til vanleg er Salen student ved Universitetet i Sørøst Norge, avd. Porsgrunn, der han jobbar med ein mastergrad i «Electrical Power Engineering». Frå før har han ein bachelor i elkrafteknikk frå Høgskulen i Bergen (no Høgskulen på Vestlandet journ.anm.), og det er denne bakgrunnen som gjorde at han fekk sommarjobb hos COWI.

Framtidsby

Salen sjølv syns sommarjobben er veldig kul.

– Det er veldig kjekt å jobbe saman med og få inspirasjon frå andre, dyktige folk. Det er òg kjekt å kunne bruke kunnskap frå skulebenken i praksis, seier han.

I jobben har han mellom anna vore med og testa sjølvkøyrande minibussar og jobba med eit prosjekt på Hvaler.

– Dei har eit ganske svakt straumnett der, sidan det berre bur 4000 personar der fast. Om sommaren stig innbyggjartalet til 30.000 sidan det er mange som har hytte der, så då vert straumnettet overbelasta. Det vi har sett på er korleis ein kan lette belastninga på nettet, ved sjå på energiløysingar til bygg som skal rehabiliteres, seier han.

Han er også med på eit gruppeprosjekt på Sollihøgda utanfor Bærum. Her arbeider dei i grupper på fem for å kome opp med idear til framtida sine byløysingar.

– Det er veldig kult, sidan vi får tenke så stort vi vil, og kome opp med kule løysingar til korleis ein by i 2025 vil sjå ut, fortel han.

Miljøvenleg

Framtida sine byar skal vere miljøvenlege, ifølgje Salen, som fortel at dei vil produsere meir straum enn det dei nyttar sjølve.

– Slik kan ein lagre overskuddsenergi til bruk om vinteren, fortel han.

Av løysningane dei har sett føre seg, finn vi fortau som genererer straum ved hjelp av trykkplater, solcellepanel og solfangarar til straum og oppvarming i bygg, og sjølvkøyrande bussar som går på straum.

17. august skal dei framføre funna sine framfor sentrale personar i COWI, før det ber tilbake til skulebenken for å fullføre mastergraden.