På veg heim igjen til Fiskå i Vanylven stoppa dei på utsiktspunktet over Flydalsjuvet. Det var då dei blei merksemd på fleire som klatra over sperringane på eit platå lenger nede.

– Til saman var det fire personar, men det var altså ei dame som gjekk mykje lenger fram enn dei andre. Medan ho stod der så både hoppa og veiva ho med armane. Det var litt smådansing, nesten som stepping, fortel Nybø og legg til at det regna i Geiranger då dei var der laurdag.

– Berget vi stod på blei ganske glatt, så det må jo ha vore det same der ho stod, seier Nybø.

Vinka tilbake

Han trur dei fire personane som klatra over sperringane var italienske turistar. Han og familien prøvde å vinke til dama som stod ute på platået.

– Men det var det ikkje hjelp i, ho vinka jo berre tilbake, seier Nybø og legg til at familien tok bilete av dama.

Nybø reagerer sterkt på det han såg.

Rett ned

– Det er jo livsfarleg, spesielt på ein regntung dag slik dette var. Dei blankslipte steinane er såpeglatte, og det skal ikkje store vridinga til på skosolen før man glir og dett. Det er rett og slett galskap, seier Nybø og legger til at det er ein grunn til at sperringa er der.

– Det er rett ned, og ein går vel den sikre død i møte om ein fell, seier Nybø.

Etterspør betre sikring

Samstundes meiner han at det må bli betre sikra på staden.

Fleire i same gruppe klatra også over gjerdet, men heldt seg lenger inn på kanten. Foto: Oddbjørn André Nybø

– Sperringa er berre eit meter høgt gjerde, og vi var vitne til at folk klatra både eine og andre vegen utan problem. Eg kan ikkje forstå at det skal så mykje til for å sette opp eit høgare gjerde, seier Nybø og konkluderer med at det ikkje var kjekt å vere vitne til hendinga.

Det er ikkje første gang turistar har kryssa sperringane på platået.

For berre nokre veker sidan skreiv Sunnmørsposten om ein person som sat på kanten stupet ved Flydalsjuvet.